Cambridge, maori Kemureti, er ein by i regionen Waikato på Nordøya på New Zealand. Han ligg 24 km søraust for Hamilton, på breiddene til Waikatoelva. Cambridge er kjend som «byen med trea». Med eit folketal på 15 192 ved folketeljinga i 2006, er han den største byen i distriktet Waipa, og han er i jamn og snøgg vekst. I 2015 var folketalet estimert til litt over 19 000.Statistics New Zealand. Estimated Resident Population for Urban Areas, at 30 June (1996+) (Annual-Jun). Henta 4. desember 2015.
Cambridge er i dag særleg kjend for avl av fullblodshestar. Mange vinnarar av veddeløps- og sprangridingstevlingar kjem herfrå.
Kjelder Referansar
Denne artikkelen bygger på «Cambridge på New Zealand» frå , den 21. juni 2008.
Bakgrunnsstoff Cambridge på Open Directory Project
Kategori:Byar på New Zealand Kategori:Busetnader i Waikato