Den pragmatiske sanksjonen (tysk Pragmatische Sanktion) var ei tronfølgjelov som keisar Karl VI av Det tysk-romerske riket fekk vedteke i 1713.

Lova bestemte at habsburgmonarkiet skulle gå udelt i arv, og lova anerkjente kvinneleg arvefølgje.

Då keisar Karl døydde i 1740 arva dottera hans Maria Theresia derfor dei habsburgske landa. Ei rekke av dei europeiske stormaktene ville derimot ikkje godta arveretten hennar, og ein storkrig - den austerrikske arvefølgjekrigen - braut ut.

Ved Freden i Aachen i 1748 oppnådde Den pragmatiske sanksjon internasjonal anerkjenning, og lova gjaldt fram til Austerrike-Ungarn gjekk i oppløysing i 1918.

Kategori:Austerrike-Ungarn Kategori:Huset Habsburg Kategori:Den austerrikske arvefølgjekrigen Kategori:Hendingar i 1713