Serra da Estrela er den høgaste fjellkjeda i Portugal og inneheld det høgaste fjellet på det portugisiske fastlandet (Ponta do Pico på Asorane er høgare) med ei høgd på 1993 meter over havet. Toppen vert kalla Torre (tyder «tårn») og ligg i Loriga i kommunen Seia. Det er eit skisenter i området kalla Vodafone skisenter.
Fjellkjeda, som ligg mellom kommunane Seia og Covilhã, er om lag 100 km lang og 30 km på det breiaste. Ho består av ein stor granittrygg som ein gong danna den sørlege grensa til landet. Med bratte knausar og gjel, elvar og innsjøar, vakre skogar og flott utsyn, er området eit av dei flottaste naturområda i landet.
Fjellkjeda er i dag ein del av ein naturpark med gode høve for skisport.
Det er tre elvar som har kjeldene sine i Serra da Estrela: Mondego, som er den største elva som renn innanfor Portugal sine grenser, Zêzere, som er ei sideelv til Tejo, Alva, ei sideelv til Mondego.
Oppkallingar Queijo Serra da Estrela er ein ost av sauemjølk frå regionen.
Serra da Estrela-hunden (Cão da Serra da Estrela) er ein hundeart som har fått namn etter området.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Serra da Estrela» frå , den 23. juni 2008.
Bakgrunnsstoff
Serra da Estrela-hunden Turisme i området Postkort frå Serra da Estrela Turbilete frå Serra da Estrela
Kategori:Fjell i Portugal Kategori:Fjellkjeder i Europa