mini|Paul Cézanne i 1861 Paul Cézanne () var ein fransk kunstmålar. Cézanne kan karakteriserast som ein brubyggjar mellom impresjonismen og kubismen. Han måla hovudsakleg stilleben, figurkomposisjonar og landskap. Han var dyktig både innan komposisjon, teknikk, design og fargar. Karakteristisk for arbeida er delikate og ofte repeterande penselstrøk. Han brukte fargeflater og små, repeterte penselstrøk til å byggje opp flatene i måleriet.

Han var fødd i sør-Frankrike, i Aix-en-Provence, og landskapet i Provence blei eitt av hans hovudtema.

I 1861 hadde Cézanne bestemt seg for å bli kunstnar, og han reiste til Paris med vennen Émile Zola. Her møtte han Pissarro og andre impresjonistiske kunstnarar. Pissarro hadde ein stor påverknad på Cézanne, og dei måla også ofte saman.

Cézanne døydde i Aix-en-Provence.

Galleri

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Paul Cézanne» frå , den 26. juni 2008.

Bakgrunnsstoff

Cézanne - webmuseum, Paris Art Gallery - Paul Cezanne Olga's Gallery Paul Cezanne Paul Cézanne: A Virtual Art Gallery

Kategori:Franske målarar Kategori:Postimpresjonisme Kategori:Impresjonistiske målarar