mini|Peer Gynt. Illustrasjon av Peter Nicolai Arbo.
Per er ei nordisk form av mannsnamnet Peter med opphav i det greske Petros, som tyder 'stein' eller 'klippe'. Per er også ein bretonsk variant av det franske namnet Pierre, som har same opphav. Per har namnedag den 29. juni i Noreg og Finland og 1. august i Sverige.
Det nordiske namnet er utvikla frå den gamle svenske forma av Peter, Pädher (sjå Peder). Andre skrivemåtar for namnet er Pehr, Peer eller Pär.
Per er eit svært vanleg namn i Noreg, Sverige og Danmark. I 2006 var Per det nest mest brukte mannsnamnet i Noreg og det tredje mest brukte personnamnet uavhengig av kjønn, etter Anne og Jan.
Per er opphav til patronym-etternamn som Persen, Person og Persson. Sjølv om Per er eit særs vanleg førenamn i Noreg er ikkje Persen eit på langt nær like utbreidd etternamn. Dette fordi Peder, og ikkje Per, var den vanlege forma av namnet då overgangen frå patronymikon til etternamn kom. Pedersen er difor eit vanleg norsk etternamn. Mange av dei som heiter Persen i Noreg har samisk opphav.
Som personnamn er Per ofte brukt samansett med andre førenamn. Dei vanlegaste kombinasjonane var i 2005 Per Arne/Per-Arne, Per Kristian/Per Christian, Per Olav, Per Erik/Per-Erik og Per Gunnar.
Kjende namneberarar Per Sivle (1857–1904), norsk forfattar Pehr Evind Svinhufvud (1861–1944), finsk advokat og president i Finland 1931–1937 Pär Lagerkvist (1861–1974), svensk forfattar og Nobelpris-vinnar Per Albin Hansson (1885–1946), svensk statsminister 1932–1946 Per Aabel (1902–1999), norsk skodespelar Per Høst (1907–1971), norsk zoolog og føregangsmann for norsk dokumentarfilm Per Borten (1913–2005), norsk statsminister 1965–1971 Per Jorsett (1920–), norsk sportsjournalist Per Hansson (1922–1982), norsk forfattar Per Olof Sundman (1922–1992), svensk forfattar Per Kleppe (1923–), norsk handels- og skipsfartsminister 1971–1972, finansminister 1973–1979 Per Wahlöö (1926–1975), svensk krimforfattar, kjent for serien om Martin Beck Per Asplin (1928–1996), norsk skodespelar og revyartist Per Lønning (1928–), biskop av Borg 1969–1975, biskop av Bjørgvin 1987–1994 Per Øyvind Heradstveit (1932-2004), NRK-journalist Per Ung (1933–), norsk kunstnar Per Olov Enquist (1934–), svensk forfattar Pehr G. Gyllenhammar (1935–), svensk forretningsmann Per Christian Jersild, (1935–), svensk forfattar, best kjent som P.C. Jersild Per Spook (1939–), norsk moteskapar og klesdesignar Per Fugelli (1943-), norsk medisinprofessor Per Oskar Kjølaas (1948-), norsk biskop Per Arne Dahl (1950-), norsk prest Per-Kristian Foss (1950-), norsk politikar (H) Per Oddvar Hildre (1950-), norsk dirigent Per Petterson (1952–), norsk forfattar Per Inge Torkelsen (1953-), norsk komikar Per Olaf Lundteigen (1953-), norsk politikar Per Eide (1954–), norsk fotograf Per Bergerud (1956–), norsk skihoppar Per Håkan Gessle (1959–), svensk songar og komponist Per-Mathias Høgmo (1959–), norsk fotballtrenar Per Natrud Bergersen (1960–1990), norsk songar og låtskrivar Per Sundnes (1966-), norsk programleiar Peer Osmundsvaag (1971–), norsk DJ, betre kjent som DJ Peer
Oppdikta personar Per, eldste bror til eventyrfiguren Espen Askeladd Peer Gynt i Ibsen sitt skodespel av same namn Per Ulv, teiknefilmfigur som jaktar på Bippe Stankelbein
Annan bruk av navmet Pehr Ugland, konjakk og bark Ekstremvêret Per, eit kraftig uvær som ramma Sverige og Noreg i januar 2007
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Per» frå , den 29. juni 2008.
Kategori:Mannsnamn Kategori:Nordiske førenamn