mini|Dei vesle Karpatane i Slovakia mini|Dei vesle Karpatane rundt Červený Kameň-borga
Dei vesle Karpatane (slovakisk Malé Karpaty, tysk Kleinen Karpaten, ungarsk Kis Kárpátok) er ei låg, om lag 100 km lang, fjellkjede i Karpatane. Fjellkjeda ligg vest i Slovakia, og dekkjer eit område frå Bratislava til Nové Mesto nad Váhom og ein liten del kalla Hundsheimer Berge nordaust i Austerrike. Dei grensar til Záhorie i vest og Det donauske låglandet i aust.
I 1976 vart Dei vesle Karpatane verna som ein del av Vesle Karpatane landskapsvernområde, som dekkjer 646,1 km². Dei tre høgaste fjella er Záruby på 768 moh., Vysoká på 754 moh. og Vápenná på 752 moh.
Dei vesle Karpatane er vidare delt inn i (frå sør til nord): Devín-Karpatane (i Bratislava) Pezinok-Karpatane (frå Bratislava til Buková) Brezová-Karpatane (frå Buková til Prašník) Čachtice-Karpatane (frå Prašník til Nové Mesto nad Váhom)
Dei vesle Karpatane er eit populært område for turgåing, sykling, skigåing og andre vinteridrettar.
I den søraustlege delen av området ligg det mange vingardar (t.d. Bratislava, Rača, Pezinok, Modra). Fleire borger eller ruinar av dei ligg i Dei vesle Karpatane som t.d. Devínborga, Čachticeborga, Červený Kameň-borga og Smoleniceborga. Driny, ei kalksteinsgrotte, er den einaste grotta som er open for ålmenta.
Bilete
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Little Carpathians» frå , den 3. juli 2008.
Bakgrunnsstoff
Dei vesle Karpatane på Spectacular Slovakia Vinvegen i Dei vesle Karpatane
Kategori:Fjellkjeder i Slovakia Kategori:Fjellkjeder i Karpatane