Arieș (ungarsk Aranyos) er ei elv i Transilvania i Romania som renn gjennom fylka Alba og Cluj.
Ho har kjelda si i Bihorfjella, ein del av Apusenifjella. Arieș oppstår nær landsbyen Mihoiești der dei to elvane Arieșul Mare og Arieșul Mic renn saman. Elva har ei lengd på om lag 164 km. Ho renn ut i Mureș nær landsbyen Gura Arieșului (Székelykocsárd på ungarsk), nær landsbyen Luduș (Marosludas på ungarsk).
Byane Câmpeni (Topánfalva på ungarsk), Baia de Arieș (Aranyosbánya på ungarsk), Turda (Torda på ungarsk) og Câmpia Turzii (Aranyosgyéres på ungarsk) ligg ved elva. Den øvre dalen, Țara Moților, er eit vakkert område og eit viktig gruveområde (Roșia Montană) med gull, sølv og uran.
Elva vart først nemnd i 1075 som Aranas.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Arieș River (Mureș)» frå , den 4. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Administraţția Națională Apelor Române - Cadastrul Apelor - București Institutul de Meteorologie și Hidrologie - Rîurile României - București, 1972 Trasee turistice - Județul Alba Trasee turistice - județul Cluj Kniezsa István- Erdély földrajzi nevei
Kategori:Elvar i Romania Kategori:Alba fylke Kategori:Cluj fylke