Granvin kyrkje er ei tømra langkyrkje frå 1726, som ligg i Voss herad i Vestland ved austsida av Granvinsvatnet, ved riksveg 13. Kyrkja erstatta Granvin stavkyrkje som måtte rivast grunna råte i 1720-åra. Fyrste gong Granvinskyrkja er nemnd i skriftlege kjelder er i 1306.
Kyrkja blei freda av Riksantikvaren i 2012.Granvin kyrkje freda frå Riksantikvaren (Vitja 21. januar 2014)
Inventar Kyrkja har ein del eldre inventar, døypefonten og eit alterskåp er frå mellomalderen og eit krusefiks og kyrkjeklokker er frå 1500-talet.
Kyrkja var opphavleg dekorert med veggmåleri av figurar og hendingar frå bibelsoga innvendig, men dei vart kalka over på 1800-talet. I 1926 vart kyrkja på nytt dekorert innvendig, no med rosemåling av kunstnaren Lars Osa frå Ulvik. Altertavla er måla av Nils Bergslien, og viser Jesus i tempelet som tolvåring og er frå 1911.
Kjelder Norges kirker: «Granvin kyrkje» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning
Bakgrunnsstoff Om Granvin menighet på nettstaden til Den norske kyrkja Eldre fotografi av Granvin kyrkje på nettstaden fotogranvin.com Eldre fotografi av Granvin kyrkje på nettstaden Galleri NOR (Nasjonalbiblioteket) Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Granvin herad på nettstaden disnorge.no
Vidare lesnad Alfred Hamre: Granvin kyrkje : festskrift utgjeve i høve 250 års høgtida : 1726-1976, Granvin sokneråd 1976
Kategori:Kyrkjer i Voss Kategori:Kulturminne i Voss Kategori:Kyrkjer i Hardanger og Voss prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1720-åra Kategori:Freda bygg i Vestland