Cluj-Napoca eller berre Cluj er den nest største byen i Romania, og administrasjonssete i Cluj fylke nordvest i Transilvania. Geografisk ligg han om lag midt mellom București (323 km), Budapest (354 km) og Beograd (327 km). Byen ligg i dalen til elva Someșul Mic og var hovudstad i den historiske provinsen Transilvania.

Byen har om lag 285 000 innbyggjarar, medan storbyområdet har om lag 424 000 innbyggjarar.

Byen er sentrert rundt St. Mikael-kyrkja på Uniriiplassen frå 1300-talet og som er kalla opp etter erkeengelen Mikael, vernehelgenen til Cluj-Napoca. Kommunen har eit areal på .

Cluj-Napoca opplevde ein nedgang i 1990-åra og fekk eit dårleg internasjonalt rykte på grunn av politikken til borgarmeisteren på denne tida, Gheorghe Funar. Dei etniske provokasjonane hans mot den ungarsktalande minoriteten i byen hindra investorar i å kome til byen, men dette endra seg etter han vart kasta ut og byen utvikla seg raskt både økonomisk og demografisk. I følgje nylege tal kan innbyggjartalet ha vorte dobla i slutten av 2010-åra. I dag er byen eit av dei viktigaste sentera for utdanning, kultur, industri og handel i Romania. Her ligg mellom anna det største universitetet i landet, Babeș-Bolyai universitet med den kjende botaniske hagen.

Historie mini|venstre|Clavdiopolis, Coloswar vulgo Clavsenbvrg, Transiluaniæ ciuitas primaria. Djuptrykk av Cluj av Georg Houfnagel (1617).

Romarriket erobra Dakia i 101 e.Kr. og 106 e.Kr. under regjeringstida til Trajan og den romerske busetnaden Napoca vart så grunnlagd. Trajan sine etterfølgjar Hadrian gav Napoca status som municipium kalla municipium Aelium Hadrianum Napocenses. Seinare på 100-talet fekk Napoca status som romersk koloni kalla Colonia Aurelia Napoca.Lazarovici et al. 1997, p.17 (2.7 Napoca romană) Napoca vart så provinshovudstad i Dacia Porolissensis. Romarane reiste frå kolonien i 274.Lazarovici et al. 1997, s.202-3 (6.2 Cluj in the Old and Ancient Epochs) Dei neste tusen åra har ein ikkje funne spor etter busetnader her.Brubaker et al. 2006, p.89

I byrjinga av mellomalderen byrja ein ny busetnad å utvikle seg rundt ein trefestning kalla Cluj-Mănăștur (Kolozsmonostor).Lazarovici et al. 1997, s.32 (3.1 De la Napoca romană la Clujul medieval)Alicu 2003, s.9 Sjølv om ein ikkje veit nøyaktig kva tid ungararane erobra Transilvania har ein datert dei tidlegaste ungarske funna til første halvdel av 900-talet. Byen vart ein del av Kongedømet Ungarn og kong Stefan I gjorde byen til sete for fylket Kolozs og kong Ladislaus I av Ungarn grunnla klosteret Cluj-Mănăștur (Kolozsmonostor), som vart øydelagd av tatarar i 1241 og 1285. Den nye landsbyen vart busett av transilvanske saksarar på 1200-talet. Busetnaden vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1285 i eit dokument frå kong Ladislaus IV av Ungarn, då landsbyen (Villa Kulusvar) vart gjeven til biskopen av Transilvania.Lazarovici et al. 1997, s.204 (6.3 Medieval Cluj) 19. august 1316, under styret til den nye kongen Karl I av Ungarn fekk Cluj bystatus etter at saksarane i byen var med på å slå opprøret til den transilvanske voivoden László Kán.

Mange handverkarar slo seg ned i byen på andre halvdel av 1200-talet og eit aristokrati basert på handel og handverksproduksjon erstatta den eldre eliten som hadde styrt byen.Brubaker eit al. 2006, s.89-90 Byen fekk privilegium av Sigismund av Luxembourg i 1405 slik at byen kunne velje eit byråd på 12 personar kvart år.Lazarovici et al. 1997, s .38 (3.1 De la Napoca romană la Clujul medieval) Etter kvart vart det avgjort at halvparten av byrådet skulle bestå av ungarar og den andre halvparten av saksarar, og at styret av rådet skulle rotere frå år til år.Brubaker et al. 2006, s.90-1 I 1541 vart Klausenburg ein del av det sjølvstendige Fyrstedømet Transilvania etter at Det osmanske riket okkuperte den sentrale delen av Kongedømet Ungarn og byen opplevde ein periode med økonomisk og kulturelt oppsving. Sjølv om Alba Iulia var den politiske hovudstaden for fyrstane av Transilvania, fekk Klausenburg mykje støtte av fyrstane og byen hadde band til dei viktigaste byane i Aust-Europa på denne tida, som Košice, Kraków, Praha og Wien.

Både lutherske og kalvinistiske rørsler oppstod i byen på 1500-talet, men i 1571 vedtok dietten i Turda den meir radikale unitarianismen som hadde ei meir fri tolking av Bibelen og nekting av TreeiningaLazarovici et al. 1997, s.205 (6.3 Medieval Cluj) Stephen Báthory grunnla eit jesiuttakademi i Klausenburg som ei motreformasjonsrørsle, men dette hadde lite suksess. I ein periode på eitt år, i 1600–1601, vart Cluj ein del av personalunionen til Mihai Viteazul. Med Carlowitztraktaten i 1699 vart Klausenburg ein del av Habsburgmonarkiet.

mini|New York-palasset

På 1600-talet vart Cluj råka av pest og store brannar. Mot slutten av hundreåret enda suvereniteten til tyrkarane, men byen var utan mykje av rikdomen og privilegia dei hadde hatt, var lite politisk viktig og hadde få innbyggjarar att.Brubaker et al. 2006, s.91 Han vart gradvis viktig i Transilvania igjen som hovudkvarteret til Gubernium og diettane mellom 1719 og 1732 og igjen frå 1790 og fram til den ungarske revolusjonen i 1848, då Gubernium flytta til Hermannstadt.Lazarovici et al. 1997, s.42,44,68 (3.1 De la Napoca romană la Clujul medieval; 4.1 Centru al mișcării naționale)

Frå 1830 var byen senteret for den ungarske nasjonalrørsla i fyrstedømet.Lazarovici et al. 1997, s.206 (6.4 Cluj in Modern Times) Dette braut ut med den ungarske revolusjonen i 1848, der austerrikarane på eit tidspunkt fekk kontroll over Transilvania og fanga ungararane mellom to flankar. Den ungarske hæren, leia av den polske generalen Józef Bem, gjekk til åtak på Transilvania og gjenerobra Klausenburg jula 1848. Etter revolusjonane i 1848 vart det innført eit eineveldig regime, etterfølgd av eit liberalt regime som kom til makta i 1860. Det var i denne perioden at rumenarane fekk like rettar som ungararane, men det var ikkje lenge og i 1865 avskaffa dietten i Cluj lovene som gav dei desse rettane og gjekk tilbake til lovene frå 1848 som omfatta unionen mellom Transilvania og Ungarn. Før 1918 var den einaste rumensktalande skulen i byen ein grunnskule styrt av kyrkja og det første rumenske tidsskriftet kom først i 1903.

Etter det austerriksk-ungarske kompromisset i 1867 vart Klausenburg og heile Transilvania igjen ein del av Kongedømet Ungarn. På denne tida var Kolozsvár ein av dei største og viktigaste byane i kongedømet og sete i Kolozs fylke. Tilhøva for dei etniske rumenarane i Transilvania var derimot dårlege på grunn av undertrykking og forfølging.Lazarovici et al. 1997, pp.74-5 (6.4 Centru al mișcării naționale) Dette førte til at det vart sendt ein underskriftskampanje i 1892 av dei rumenske politiske leiarane i Transilvania til den austerrikske keisaren Frans Josef der dei bad om like rettar med ungararane og kravde at forfølgingane og madjariseringa tok slutt. Keisaren sende dokumentet vidare til Budapest og forfattarane av dokumentet, mellom anna Ioan Rațiu og Iuliu Coroianu, vart stilte for retten og dømde til lange fengselsstraffer for «høgforræderi» i Kolozsvár/Cluj i mai 1894. Under rettssaka kom om lag 20 000 menneske til Cluj for å demonstrere i gatene og støtte dei tiltalte.

mini|Det sentrale universitetetsbiblioteket

26. september 1895 vitja keisar Frans Josef den nærliggande Bánffy-Hunyad etter at den ungarske hæren flytta seg ut av Transilvania, og han vart teken godt imot av innbyggjarane, som bygde ein boge til ære for hendinga. I 1897 avgjorde den ungarske regjeringa at berre ungarske stadnamn skulle nyttast og forbaud bruk av tyske og rumenske utgåver av bynamn i offisielle dokument.

Hausten 1918 gjekk den første verdskrigen mot slutten og Cluj vart senter for revolusjonsaktivitet, leia av Amos Frâncu.Lazarovici et al. 1997, s.207 (6.4 Cluj in Modern Times) Trettini delegatar vart vald frå Cluj for å delta i kunngjeringa av unionen med Kongedømet Romania i Alba-Iulia den 1. desember 1918,, seinare anerkjend av Trianontraktaten.Ernest A. Rockwell: Trianon Politics, 1994-1995, thesis, Central Missouri State University, 1995 I mellomkrigstida utførte dei nye styresmaktene eit «romaniseringsprosjekt». I 1939 dominerte ungararane derimot framleis den lokale økonomien og det var t.d. fem ungarske dagsaviser i Cluj og berre ei rumensk.Brubaker et al. 2006, s.100-1 I 1940 vart Cluj i lag med resten av Nord-Transilvania gjeven tilbake til Ungarn av Nazi-Tyskland og Italia.Lazarovici et al. 1997, s.140-1 (5.2 Dictatul de la Viena - 30 august 1940) Etter at tyskarane okkuperte Ungarn i mars 1944 og innførte eit marionettstyre under Döme Sztójay der, vart det utført jødeforfølgingar på stor skala i byen, og mange av jødane vart flytta til ein getto kalla Iris. Dei fleste av jødane vart deporterte til Auschwitz i mai og juni 1944 og 16 148 av dei mista livet der. Nokre jødar klarte å rømme over grensa til Romania. 11. oktober 1944 vart Cluj erobra av rumenske og sovjetiske troppar, og vart formelt ein del av Kongdømet Romania etter Paristraktatane i 1947.

mini|Palass ved elva Someș

Ungararane vart verande den største folkegruppa i byen fram til 1960-åra, då rumenarane tok over, på grunn av stor innflytting som følgje av industrialiseringa av byen.Lazarovici et al. 1997, s.154,159 (5.3 Perioada totalitarismului) I 1974 feira byen 1850-årsjubileum etter første gong Napoca vart nemnd, og kommuniststyret endra namnet på byen til Napoca.

Under den rumenske revolusjonen i 1989 var det store opprør i Cluj-Napoca. 26 menneske mista livet og 170 vart skadd som følgje av opprøret. Etter det totalitære regimet enda vart den nasjonalistiske politikaren Gheorghe Funar borgarmeister og styrte byen i 12 år. Politikken hans var prega av sterk rumensk nasjonalisme og etniske provokasjonar mot dei ungarske minoritetane i byen. Dette hindra utanlandske investorar å slå seg ned i byen, men i juni 2004 vart ikkje Funar vald inn igjen. Etter dette opplevde byen ein periode med rask vekst, både økonomisk og demografisk.

Busetnader mini|Kommunen Cluj-Napoca (mørkraudt) og storbyområdet (lysraudt) innanfor Cluj fylke

Cluj-Napoca er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:

Busetnad Folketal 2011 Folketal 2021 Cluj-Napoca 324 576 286 598

Storbyområde Storbyområdet til Cluj-Napoca omfattar Cluj-Napoca og 19 mindre kommunar, med eit samla folketal på 425 130.

Kommune Folketal 2011 Cluj-Napoca municipiu 286 598 Aiton comună 1 061 Apahida comună 17 239 Baciu comună 13 922 Bonțida comună 5 191 Borşa comună 1 511 Căianu comună 2 191 Chinteni comună 4 533 Ciurila comună 2 003 Cojocna comună 4 291 Feleacu comună 5 693 Floreşti comună 52 735 Gârbău comună 2 133 Gilău comună 8 980 Jucu comună 5 349 Petreștii de Jos comună 1 391 Sânpaul comună 2 314 Săvădisla comună 4 196 Tureni comună 2 264 Vultureni comună 1 535 Total 425 130

Galleri

mini|center|800px|Panorama over vestlege distrikt, teke frå Tăietura Turcului.

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cluj-Napoca» frå , den 8. juli 2008. oppgav desse kjeldene:

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Cluj fylke Kategori:Fylkeshovudstader i Romania Kategori:Municipiu i Cluj fylke Kategori:Utvalde artiklar 2023