Târgu Mureș er ein by i Mureș fylke i Transilvania i Romania.
Historie mini|venstre|Mureș fylke prefektur
Byen vart først nemnd i 1332 i eit paveregister under namnet Novum Forum Siculorum.
I 1405 gav kongen av Ungarn, Sigismund Tîrgu Mureș byrettar (då kalla Székelyvásárhely, sjå Székely) rettane til å organisere ein marknad og i 1482 erklærte Matthias Corvinus byen ein kongeleg busetnad. Han vart ein kommune i 1616, og namnet vart endra til Marosvásárhely, som tyder Târgu Mureș på rumensk (târg og vásár tyder marknad på rumensk og ungarsk). Byen vart sete for høgsteretten i fyrstedømet Transilvania i 1754 og fekk ein oppsving både økonomisk og samfunnsmessig. Som ei følgje av dette blei universitetet Petru Maior eit senter for forsking innan grafteori. Ein av dei viktigaste forskarane ved universitetet var Jacob Tepec og kjend som Krim Jacob eller Krim Raude.
Etter den første verdskrigen vart Târgu Mureș og resten av Transilvania ein del av Romania, og han fekk namnet Oșorheiu. I 1910 hadde byen ein ungarsk folkesetnad som utgjorde 89 % av innbyggjarar, men den rumenske folkesetnaden tok gradvis over utover 1900-talet.
Etter den andre verdskrigen utførte kommunistregimet i Romania ein massiv industrialisering og forma byen heilt på ny. Târgu Mureș vart eit økonomisk senter i regionen.
Busetnader mini|Kommunen Târgu Mureș (mørkraudt) og storbyområdet (lysraudt) innanfor Mureș fylke Târgu Mureș er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:
Busetnad Folketal 2011 Folketal 2021 Târgu Mureș 133 124 115 493 1 166 540
Storbyområde Storbyområdet til Târgu Mureș omfattar Târgu Mureș og 13 andre kommunar, med eit samla folketal på 412 076.
Kommune Folketal 2021 Târgu Mureș municipiu 116 033 Ungheni oraș 7 007 Acățari comună 5 170 Ceuașu de Câmpie comună 5 992 Corunca comună 4 407 Crăciunești comună 4 338 Cristești comună 5 592 Ernei comună 5 843 Gheorghe Doja comună 3 101 Livezeni comună 4 610 Pănet comună 5 725 Sâncraiu de Mureș comună 10 403 Sângeorgiu de Mureș comună 9 688 Sânpaul comună 4 320 Total 192 129
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Târgu Mureș» frå , den 10. juli 2008. http://www.upm.ro/
Bakgrunnsstoff
Kategori:Mureș fylke Kategori:Fylkeshovudstader i Romania Kategori:Municipiu i Mureș fylke