Drobeta-Turnu Severin er ein by i Mehedinți fylke i Oltenia i Romania. Han ligg på venstre sida av Donau, like nedanfor Jernporten. Byen har om lag 105 000 innbyggjarar.

Byen oppstod som ein getisk busetnad, men fungerte seinare i antikken som ein base for dei romerske krigane mot Dakia. Nær byen finst ruinar av Trajanbrua over Donau, som keisar Trajan fekk Apollodoros frå Damaskus til å byggje i år 103. Staden vart øydelagd av hunarane på 400-talet, men gjenoppbygd av keisar Justinianus I (527–565). Namnet på byen kjem frå det latinske namnet Drobetae og av Turnu Severin, det vil seie «Nordtårnet», som viser til tårnet som austromarane bygde på nordsida av Donau. Byen kom i mellomalderen inn under Ungarn, som oppretta eit katolsk sete her. I 1330 kom byen inn under Valakia, som var under osmansk overhøgd frå 1524 til 1829. Valakia vart ein del av Romania i 1861.

Busetnader mini|Kommunen Drobeta-Turnu Severin innanfor Mehedinți fylke Drobeta-Turnu Severin er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:

Busetnad Folketal 2011 Folketal 2021 Drobeta-Turnu Severin 84 876 73 097 569 475 1 783 1 440 5 389 4 853

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Drobeta-Turnu Severin» frå , og «Drobeta-Turnu Severin» frå den 10. juli 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar ved Donau Kategori:Mehedinți fylke Kategori:Fylkeshovudstader i Romania Kategori:Municipiu i Mehedinți fylke