Giurgiu er ein by i Romania og fylkeshovudstad i Giurgiu fylke. Han ligg i ein region som ein gong vart kalla Vlașca. Han ligg midt på ei mudderflate på venstresida av Donau tvers ovanfor byen Ruse i Bulgaria. Det ligg tre små øyar i elva utanfor byen og den største av desse vernar om ei hamn. Nord for byen ligg eit rikt kornområde som vert kryssa av ei jernbanelinje til București, den første linja som opna i Romania (1869). Giurgiu eksporterer tømmer, korn, salt og petroleum.
Vennskapsbrua Giurgiu-Ruse ligg i nærleiken av byen og er den einaste som kryssar Donau mellom Bulgaria og Romania.
Busetnader mini|Kommunen Giurgiu innanfor Giurgiu fylke Giurgiu er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:
Folketal 2011 Folketal 2021 Giurgiu 61 353 54 551
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Giurgiu» frå , den 11. juli 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar ved Donau Kategori:Giurgiu fylke Kategori:Fylkeshovudstader i Romania Kategori:Municipiu i Giurgiu fylke