mini|Hekla irske kniplingar.
Hekling er ein handarbeidsteknikk der ein lagar stoff ved hjelp av garn og ei heklenål. Teknikken kan nyttast til klede, dukar, vesker og mykje anna. Stoffet ein lagar er fast og ikkje elastisk som ved strikking.
mini|venstre|Heklande ungjente måla av William-Adolphe Bouguereau (1889).
Ein bruker heklenåla til å dra garnet gjennom ei heklemaske. Gjennom maska som oppstår kan ein dra tråden på ny, og skapa ei ny maske. Slik får ein ei hekla lenkje.
Når ein heklar gjer ein som regel ei maske heilt ferdig før ein startar på den neste. Ofte vert glatt heklegarn nytta til denne typen handarbeid, men det er mogleg å hekla med alle typar garn.
Det er mange ulike heklemasker. Mellom dei vanlegaste er luftmasker, fastmasker og stavar. Ved å kombinera desse kan ein laga mange ulike mønster.
Bakgrunnsstoff
Instruksjon Digitaliserte bøker om hekling hjå Nasjonalbiblioteket
Sjå òg Gimping Hakking Strikking
Kategori:Handarbeid Kategori:Tekstilteknikkar