mini|Plasseringa til Malij Begitsjev og Bolsjoj Begitsjev i Khatangabukta. Bolsjoj Begitsjev (russisk Большой Бегичев eller Bolsjoj Begitsjev, «Store Begitsjev») er ei øy i Laptevhavet i Russland. Ho har eit areal på 1764 km². Øya ligg i Khatangabukta (russisk Хатангский залив) og deler bukta i to sund.
Ein NAVTEX kyststasjon ligg på øya.
Nærliggande øyar 8,5 km lenger vest ligg ei mykje mindre øy kalla Malij Begitsjev («Vesle Begitsjev»). Ho er 15 km² stor. Dei to øyane høyrer til forskjellige administrative område i Russland. Malij Begitsjev høyrer til Krasnojarsk kraj, medan Bolsjoj Begitsjev høyrer til republikken Sakha. Begge øyane er kalla opp etter den russiske polfararen Nikifor Begitsjev. Nord for Bolsjoj Begitsjev ligg den vesle øya Preobrazjenija. Ho er ei avlang granittøy som var eit nyttig landmerke for skip som segla langs Nordaustpassasjen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bolshoy Begichev Island» frå , den 15. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Kyststasjonen William Barr, The First Soviet Convoy to the Mouth of the Lena. Rundt polarsirkelen med motorkjøretøy''
Kategori:Øyar i Arktis Kategori:Øyar i Russland Kategori:Sakha Kategori:Laptevhavet