mini|«Le déjeuner sur l'herbe» ('Frukost i det grøne') (1862-1863). Édouard Manet () var ein fransk målar. Han var den mest markerte kunstnaren i overgangen mellom realisme og impresjonisme og blir rekna som ein av dei tidlegaste profilane i den kunstneriske modernismen.
Manet blei tidleg påverka av den realistiske framstillinga av verda, slik han såg det i arbeida til tidlegare kunstnarar som Diego Velázquez, Frans Hals og Francisco Goya. Han blei ein av dei første kunstnarane som brøyt mot den dominerande akademiske tradisjonen i Frankrike på 1800-talet, og fleire av arbeida hans, som «Le déjeuner sur l'herbe» ('Frukost i det grøne', 1861-1863) og «Olympia» (1863-1865), blei mottekne med stor debatt i det franske samfunnet.
Édouard Manet var fødd og døydde i Paris.
Bakgrunnsstoff Art Gallery - Edouard Manet
Kategori:Franske målarar Kategori:Impresjonistiske målarar Kategori:Folk frå Paris