mini|Plasseringa til Faddejøyane nordaust for Tajmyrhalvøya. Faddejøyane (russisk Oстровa Фаддея, Ostrova Faddeja) er ei øygruppe i Krasnojarsk kraj i Russland med tundravegetasjon, grus og is. Ho ligg i Laptevhavet like utanfor Faddejbukta ved kysten til Sibir, aust for Tajmyrhalvøya. Dei største øyane er:
Ostrov Faddeija-Severnij Ostrov Faddeija-Vostotsjnij Ostrov Faddeija-Juzjnij Ostrov Kapitanskij, ei mindre øy ligg utanfor hovudøygruppa og nærare til kysten.
Havområdet rundt øyane er dekt av fast is om vinteren og klimaet er særs hardt. Sjølv om sommaren er det mykje is i havet.
Faddejøyane vart kalla opp etter den russiske utforskaren Fabian Gottlieb von Bellingshausen, som er «Faddej Faddejevitsj Bellinsgauzen» på russisk.
Historie Gamle steinreiskapar, truleg forma av menneske, vart funne på Faddejøyane og vart studerte av forskaren A.P. Okladnikov, ein ekspert på eldgamle kulturar i Sibir og ved Stillehavet.
I 1940-1941 fann sovjetiske hydrografar restane av folk, pengar, våpen og andre ting på desse øyane og nær kysten av Simsabukta. Dette var truleg spor etter ein ekspedisjon gjort av Akaky og Ivan Muromets tidleg på 1600-talet.
Sjå òg Laptevhavet Vasilij Prontsjisjtsjev
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Faddey Islands» frå , den 19. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Nature Reserve: Naturreservat On Russisk explorations: Om russiske poloarekspedisjonar Polar Record, Scott Polar Research Institute. «Geografitsjeskoje obsjtsjestvo» SSSR, 1962 Geografiske namn
Kategori:Øyar i Arktis Kategori:Øyar i Russland Kategori:Laptevhavet Kategori:Krasnojarsk kraj