Brad Walker () er ein amerikansk tidlegare friidrettsutøvar som i 2007 vart verdsmeister i stavhopp.
Walker vart fødd i Aberdeen i Sør-Dakota. Han gjekk på University High School i Spokane i Washington og konkurerte i fotball og friidrett. Mens han gjekk på University of Washington vart han innandørs collegemeister i stavhopp to gonger. I 2005 vart han amerikansk meister både innandørs og utandørs.
I verdsmeisterskapen i friidrett i 2005 tok Walker sølv med eit sprang på 5,75 meter. I 2006 vann han innandørsverdsmeisterskapen i Moskva med 5,80 meter. I juli 2006 hoppa han over 6 meter for første gong. Han vart verdsmeister i stavsprang i 2007 med 5,86 meter. Han sette USA-amerikansk rekord 8. juni 2008 med livsbeste 6,04 meter.
Walker la opp i 2015.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Brad Walker (pole vaulter)» frå , den 24. juni 2026.
World Athletics
Kategori:Stavhopparar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for USA Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Folk frå Sør-Dakota