mini|Plasseringa til Malyj Tajmyr i Laptevhavet. Malyj Tajmyr (russisk Малый Таймыр eller «Vesle Tajmyr») er ei øy i Laptevhavet i Russland. Ho ligg søraust for Severnaja Zemlja og nordaust for Tajmyrhalvøya. Like nordvest fors eg ligg den mindre Starokadomskijøya.
Malyj Tajmyr har eit areal på 232 km² og ligg ved . Vilkitskijsundet går sør for Malyj Tajmyr og er dekt av pakkis gjennom den lange og harde vinteren. Det er òg mykje isflak i havområdet rundt øya gjennom den korte sommaren mellom juni og september.
Malyj Tajmyr høyrer til Krasnojarsk kraj og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatetet i Russland og Europa.
Malyj Tajmyr var oppdaga av Boris Vilkitskij i 1913. Tidlegare vart øya kalla Tsarevitsj Aleksej-øya eller berre Aleksejøya, etter son til tsar Nikolaj II av Russland. Men etter oktoberrevolusjonen i 1917 vart ho gjeven namnet Malyj Tajmyr. I 2005 vart det framsett eit forslag av styresmaktene i Krasnojarsk kraj om å gjenninføre det opphavlege namnet på øya.
Nord for Malyj Tajmyr ligg ei øy kalla Ostrov Oktiabrenok.
Malyj Tajmyr må ikkje forvekslast med Tajmyrøya i Karahavet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Maly Taymyr Island» frå , den 4. august 2008. oppgav desse kjeldene: Naturreservat Tidlegare namn: & Laptevhavet
Kategori:Øyar i Arktis Kategori:Øyar i Russland Kategori:Laptevhavet Kategori:Krasnojarsk kraj Kategori:Øyar i Severnaja Zemlja