Robertsonøya er ei isdekt øy, som ligg ved austenden av Seal Nunataks utanfor austkysten av Den antarktiske halvøya. Kaptein Carl Anton Larsen oppdaga Robertsonøya frå «Jason» den 9. desember 1893, Han var nysgjerrig på å finne ut om vulkanen på øya var aktiv og gjekk på ski til toppen frå nordsida av øya, og kalla seinare fjellet Christensenfjellet etter partnaren og eigaren av «Jason», Christen Christensen. Larsen kalla ho Robertson Øy etter William Robertson, ein medeigar i Woltereck und Robertson i Hamburg som sende han til Antarktis.
Sjå òg Composite Antarctic Gazetteer Antarktiske og subantarktiske øyar Antarktiske øyar sør for 60 °S SCAR kravområde i Antarktis
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Robertson Island» frå , den 22. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Øyar i Graham Land Kategori:Oscar II Coast