Kapp Billings, russisk Мыс Биллингса, Mys Billingsa) er eit nes på nordkysten av Tsjukotka i Russland. Området rundt Kapp Billings er fylt med smale landtunger, sandbankar, myrområde og ei rekkje lagunar.

Kapp Billings er det geografiske landemerke som skil Aust-Sibir-havet frå Tsjuktsjarhavet. DeLong-sundet ligg nord for neset.

Neset er kalla opp etter den britiske kapteinen Joseph Billings (1758—1806) som tente i den russiske marinen under tsarina Katarina II av Russland si regjeringstid.

Ein tsjuktsjisk bustnad kalla Gytkhelen ligg nær Kapp Billings.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cape Billings» frå , den 7. august 2008. oppgav desse kjeldene: Plassering Kystmodellering

Kategori:Tsjukotka Billings Kategori:Tsjuktsjarhavet Kategori:Aust-Sibir-havet