mini|Plasseringa til Scott Hansen-øyane i Karahavet. Scott Hansen-øyane (russisk Острова Скотт-Гансена, Ostrova Skott-Gansena) er ei gruppe på tre små øyar i Karahavet i Russland. Dei er dekte av tundravegetasjon og ligg om lag 20 km frå enden av Mikhailovhalvøya på kysten av Sibir.
Den vestlegaste øya er større enn dei to andre, men likevel berre om lag 3 km lang. Dei forskjellige øyane har ikkje eigne namn på fleste kart og vert derfor omtalt som ei gruppe. Havet omkring øyane er dekt av pakkis med noko polynja om vinteren. Det er òg mykje isfjell om sommaren.
Scott Hansen-øyane høyrer til Krasnojarsk kraj og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.
Øygruppa er kalla opp etter Sigurd Scott Hansen, ein norsk løytnant som hadde ansvar for astronomiske og meteorologiske observasjonar under Framekspedisjonen til Fridtjof Nansen i 1893. På mange kart står namnet oppført som Scott-Gansen-øyane, som er ein transkripsjon av det russiske namnet på øyane.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Scott Hansen Islands» frå , den 8. august 2008. oppgav desse kjeldene: http://worldmaps.web.infoseek.co.jp/Russland_guide.htm http://pubs.aina.ucalgary.ca/arctic/Arctic27-1-2.pdf Naturreservat
Sjå òg Karahavet Fridtjof Nansen
Kategori:Øyar i Arktis Kategori:Øyar i Russland Kategori:Karahavet Kategori:Krasnojarsk kraj Kategori:Stader i Russland kalla opp etter nordmenn