Tero Pitkämäki () er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar fødd i Ilmola i Lappland i Finland. Han vart verdsmeister i spydkast i Osaka 2007, og vann i åra 2006-15 heile sju medaljar i internasjonale meisterskap.
Aktiv Pitkämäki byrja med spydkast som 16-åring og nådde relativt fort gode resultat. Internasjonalt utmerka han seg ikkje før enn 2004-sesongen, då han kom på åttande plass i OL 2004 med 83,01 meter.
Hans personlege rekord er 91,53 meter, kasta i Kuortane 26. juni 2005, noko som gjorde han til det store heimehåpet under VM i Helsingfors. Under vanskelege tilhøve lukkast han ikkje, kom på fjerdeplass med 81,27 meter som beste resultat.
I EM i Göteborg 2006 tok Pitkämäki sølv med eitt kast på 86,44. Norske Andreas Thorkildsen vann meisterskapet.
Den 5. august 2007 vann Pitkämäki det finske meisterskapet for fjerde gong med eit kast som målte 89,43 meter. Pitkämäki deltok sidan i friidretts-VM i Osaka i Japan, der han vann gull med eitt kast på 90,33 meter.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2004 Aten: Nr 8 - 83,01 m VM 2005 Helsingfors: Nr 4 - 81,27 m EM 2006 Göteborg: Sølvmedalje - 86,44 m, bakom Andreas Thorkildsen (88,78 m) VM 2007 Osaka: Gullmedalje - 90,33 m, framom Andreas Thorkildsen (88,61 m) OL 2008 i Beijing: Bronsemedalje - 86,16 m VM 2009 i Berlin: Nr 5 - 81,90 m EM 2010 Barcelona: Bronsemedalje - 86,67 m VM 2011 i Daegu: Utslått i kvalifiseringa (79,46 m, nr 17) EM 2012 Helsingfors: Nr 11 - 74,89 m OL 2012 i London: Nr 5 - 82,80 m VM 2013 i Moskva: Sølvmedalje -87,07 m, bakom Vítězslav Veselý (87,17 m) EM 2014 i Zürich: Bronsemedalje – 84,40 m VM 2015 i Beijing: Bronsemedalje – 87,64 m EM 2016 i Amsterdam: Utslått i kvalifiseringa (80,52 m=nr 14) OL 2016 i Rio de Janeiro: Utslått i kvalifiseringa (79,56 m=nr 21) VM 2017 i London: Nr 5 – 86,94 m
Medaljar i finske meisterskap Gull: 2004 (82,82 m), 2005 (87,83), 2006 (88,17), 2007 (89,43), 2010 (85,19), 2013 (85,70), 2016 (82,05) og 2017 (82,80) Sølv: 2003 (80,45), 2008 (82,28) og 2015 (87,82) Bronse: 2009 (84,28) og 2012 (83,48)
Personlege rekordar og årsbeste 2000 73,75 Pihtipudas 20.7. 2001 74,89 Kannus 11.8. 2002 77,24 Lapua 24.6. 2003 80,45 Helsingfors 11.8. 2004 84,64 Pihtipudas 4.7. 2005 91,53 Kuortane 26.6. 2006 91,11 Kuortane 24.6. 2007 91,23 Lapinlahti 22.7.
Spydulukka i Roma Fredag den 13. juli 2007 under IAAF Golden League-stemnet på Stadio Olimpico trefte eit av Pitkämäkis spyd den franske lengdehopparen Salim Sdiri i ryggen. Sjølv om han var skaka, fullførte Pitkämäki tevlinga og vart nummer to etter Andreas Thorkildsen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tero Pitkämäki» frå , den 23. august 2024.
Denne artikkelen bygger på «Tero Pitkämäki» frå , den 23. august 2024.
World Athletics
Kategori:Finske spydkastarar Kategori:Vinnarar av Bislett-medaljen Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Finland Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2006 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2012