Tiulenij (russisk Ostrov Tiulenij) er ei lita øy i Okhotskhavet. Ho ligg 19 km sør for eit nes på austsida av Sakhalin i Russland. Tiulenij er 1,6 km lang og 850 meter brei.

Det er mykje sel på kysten av Tiulenij og i farvatnet omkring, og derfor har øya fått namnet sitt, som tyder nettopp 'sel' på russisk. Ho vart tidlegare kalla «Robbenøya» etter det tyske ordet for sel.Tidlegare namn Det finst òg mykje sjøfugl på Tiulenij.

Administrativt høyrer Tiulenij til Sakhalin oblast.

Tiulenij i Okhotskhavet må ikkje forvekslast med Tiulenij utanfor kysten av Dagestan eller med Tiulenijøyane i Kaspihavet i Kasakhstan.

Tiulenijviruset, eit arbovirus gruppe B, vart oppdaga på Tiulenij i 1969 frå flått på fuglar.Tiulenijviruset

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tyuleniy Island (Sea of Okhotsk)» frå , den 10. august 2008. oppgav desse kjeldene: Plassering Geografiske data Sel på Tiulenij Fuglar på Tiulenij & Russiske sjøfuglar

Bakgrunnsstoff Sakhalin oblast

Kategori:Øyar i Russland Kategori:Okhotskhavet Kategori:Sakhalin oblast Kategori:Stadnamn knytte til dyr