Ferdinand Reinhardt Bie () var ein norsk friidrettsutøvar som tok OL-gull i femkamp under sommarleikane i Stockholm i 1912. Med dette vart han den første nordmannen som vann olympisk gullmedalje innan friidrett.
Øvingane var: (Bie sine resultat i parentes): lengde (6,85) spyd (46,45) 200 m (23,5) diskos (31,79) 1.500 m (5,07.8)
Gullmedaljen vart tildelt Ferdinand Bie først året etter OL, då amerikanaren Jim Thorpe vart diskvalifisert på grunn av dei dåverande proffbestemmelsane. I 1982 vart denne diskvalifikasjonen gjort om. Samtidig bestemte IOC at Ferdinand Bie framleis skulle stå oppført som olympisk meister i femkamp på lik linje med Thorpe.
Bie vart noregsmeister i lengde og på 110 m hekk under Noregsmeisterskapen i 1910 og fekk Kongepokalen dette året.
I 1911 vart han noregsmeister i tikamp. Han vann lengdekonkurransen i NM igjen i 1917.
Bie representerte Drammens Turnforening, seinare Kristiania Idrætsforening og Studenterne.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske mangekjemparar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1912 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1912 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1912 Kategori:Kongepokalvinnarar i friidrett Kategori:Folk frå Drammen