BBC Parliament er ein britisk fjernsynskanal frå BBC. Han sender direkte og i opptak frå det britiske House of Commons og House of Lords, utvalde komitear, den nord-irske forsamlinga, det skotske parlamentet, den walisiske forsamlinga, det Europaparlamentet og andre aktuelle stader.
Opphavleg sende kanalen berre lyd, og då han blei tilgjengeleg på Freeview viste han bilete berre på ein kvart del av skjermen. Etter tusentals sinte e-postar og brev, og ikkje minst spørsmål frå medlemer av parlamentet, fann ein nok bandbreidde til å sende kanalen over heile skjermen.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «BBC Parliament» frå , den 12. august 2008.
Parliament Kategori:Skipingar i 1992