Seppo Tapio Aleksanteri Korjus () i Vehkalahti er ein tidlegare finsk friidrettsutøvar. Han vart olympiameister i spydkast i 1988. Han er 196 cm høg, og hadde ei tevlingsvekt på 105 kg, nærast ein idealstorleik for ein spydkastar.

Korjus var mellom dei fremste spydkastarane i Finland i siste halvdel av 1980-åra. Med den gamle spydtypen passerte han 80-metersgrensa i 1983, og kasta som lengst 89,30 m (i 1985). Både i 1987 og -88 vart han finsk meister.

I 1988-sesongen viste han framifrå form i månadene føre dei olympiske sommarleikane. Han sette to finske rekordar; den første, 85,18 m, i friidretts-landskampen mellom Noreg og Finland, den andre, 86,50 m, under eit stemne i Lahti. Under OL 1988 i Seoul i Sør-Korea låg Korjus på andreplassen i det meste av spydkastfinalen. I sitt sist kast slengde han spydet 84,28 meter, seksten centimenter lengre enn det til då lengste kastet. Han sikra seg dermed gullmedaljen. Sølvmedaljen gjekk til den unge Jan Železný, som seinare skulle framstå som tidenes største spydkastar.

Etter at Korjus la opp som spydkastar, fungerte han som spydtrenar, bl.a. for den kvinnelege kastaren Mikaela Ingberg.

Personlege rekordar og årsbeste 1981: 78,00 m 1982: 74,80 m 1983: 81,12 m 1984: 87,24 m 1985: 89,30 m 1986: 74,92 m 1987: 79,52 m 1988: 86,50 m 1989: 82,40 m

Den nye spydtypen, med tyngdepunkt nærare spissen, vart innført frå og med 1986-sesongen.

Kjelder World Athletics

Kategori:Finske spydkastarar Kategori:Olympiske meistrar for Finland Kategori:Olympiske meistrar i spydkast Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988