mini|Kart frå 1926 over Berjozovyjeøyane. Berjozovyjeøyane (russisk Берёзовые острова; Berjozovyje osrtova, tyder 'Bjørkeøyane') er ei øygruppe i Leningrad oblast i Russland. Øyane ligg inst i Finskebukta, like utanfor byen Primorsk og Det karelske neset.
Det er femten øyar i gruppa og den største er Bolsjoj Berjozovyj (Store Berjozovy). Andre øyar er Zapadnyj Berjozovyj (Vest-Berjozovyj) og Severnyj Berjozovyj (Nord-Berjozovyj). Øyane strekkjer seg 200 km langs kysten og har eit totalt areal på 92 km². Fuglane er ein del av eit fuglereservat og eit av Ramsarstadane i Russland.
Mellom dei to verdskrigane høyrte øyane til Finland og kommunen Koivisto (svensk Björkö). Den største busetnaden på øyane var då Saarenpää. Øyane har gjeve namn til Björkö-traktaten (1905).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beryozovye Islands» frå , den 13. august 2008.
Kategori:Øyar i Austersjøen Kategori:Øyar i Russland Kategori:Leningrad oblast