Jānis Lūsis () var ein latvisk friidrettsutøvar som representerte Sovjetunionen. Han fekk medalje i spydkast-tevlinga i kvart einaste internasjonale meisterskap frå 1962 til 1972.

Aktiv Lūsis vann i 1969-sesongen alle tevlingane han stilte i, den 19. september i Athen tok han sin tredje EM-tittel i spyd. I det neste friidretts-EM (Helsingfors 1971) vart han den første mannlege friidrettsutøvar som tok fire EM-titler i same øving. Vinnarkastet på 90,68 m var meir enn fem meter lengre enn det næraste konkurrent presterte.

Lūsis mista verdsrekorden sin til finske Jorma Kinnunen i 1969, men tok den tilbake i Stockholm den 6. juli 1972, med eit kast som målte 93,80 m. Han såg dermed ut til å vere i storform og klar til å forsvare OL-gullet frå 1968. I spydfinalen i München i 1972 leia Lūsis etter første omgang, og auka i tredje omgang med eit kast på 89,54 m. I femte omgang kasta vesttyskaren Klaus Wolfermann, heia fram av eit entusiastisk heimepublikum på olympiastadion, heile 90,48, ny olympisk rekord. Lūsis heldt hovudet kaldt, slik han hadde for vane, og i sjette og siste omgang klemte han til med sitt lengste kast i tevlinga. Det vart målt til 90,46 m, berre to centimeter kortare enn Wolfermann sitt kast. Dermed måtte Lūsis ta til takke med sølvet.

Lūsis heldt fram å tevle i endå fleire år, men måtte innsjå at han hadde sine beste år bak seg. I Roma-EM i 1974 forsøkte han å ta sin femte EM-tittel, han vart nummer 6. To år seinare i Montreal, deltok han 37 år gammal i sitt fjerde OL og vart nummer 8.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1962 i Beograd: Gullmedalje - 82,04 m, framom Viktor Tsybulenko (77,92 m) Sommar-OL 1964 i Tokyo: Bronsemedalje - 80,57 m EM 1966 i Budapest: Gullmwedalje - 84,48 m, framom Władysław Nikiciuk (81,76 m) Sommar-OL 1968 i Mexico-byen: Gull - 90,10 m, framom Jorma Kinnunen (88,58 m) EM 1969 i Athen: Gull - 91,52 m, framom Pauli Nevala (89,58 m) EM 1971 i Helsinki: Gull - 90,68 m, framom Jānis Doniņš (85,30 m) Sommar-OL 1972 i München: Sølvmedalje - 90,46 m, bakom Klaus Wolfermann (90,48 m) EM 1974 i Roma: 6. plass - 83,06 m Sommar-OL 1976 i Montreal: 8. plass - 80,26 m

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jānis Lūsis» frå , den 14. august 2008.

World Athletics

Kategori:Sovjetiske spydkastarar Kategori:Latviske spydkastarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar i spydkast Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976