Tunguskahendinga var ein særs kraftig eksplosjon som fann stad nær elva Podkamennaja Tunguska i det som no er Krasnojarsk kraj i Russland, rundt 07:14.P. Farinella, L. Foschini, Ch. Froeschlé, R. Gonczi, T. J. Jopek, G. Longo, P. Michel Probable asteroidal origin of the Tunguska Cosmic Body (0:14 UTC, 7:02 lokal soltidTrayner, C. Perplexities of the Tunguska meteorite) den 30. juni 1908 (17. juni etter den julianske kalenderen, som var i bruk lokalt på den tid).

Sjølv om årsaka til eksplosjonen er omdiskutert, så var han mest truleg årsaka av eit stort meteoroide- eller komet-fragment som eksploderte i ei høgd på 5–10 km over bakken. Forskjellige studium har gjeve forskjellige estimat på storleiken på objektet, men den alminnelege oppfatninga er at det var nokre titals meter i diameter.Lyne, J.E., Tauber, M. The Tunguska Event

Sjølv om objektet eksploderte i lufta og ikkje trefte jordoverflata, så vert hendinga likevel rekna som eit nedslag. Estimat for sprengkrafta i eksplosjonen varierer frå 5 megatonn til så mykje som 30 megatonn TNT med 10–15 megatonn som det mest trulege - noko som omtrent tilsvarar den amerikanske Castle Bravo-prøvesprengninga i februar 1954, rundt 1000 gonger kraftigare enn Hiroshima-bomba, og rundt ein tredjedel av krafta til Tsar-bomba, den største atombomba som nokon gong er detonert.Verma (2005), p1. Ein eksplosjon av denne storleiken er i stand til å øydeleggje ein stor by. Eksplosjonen velta om lag 80 millionar tre over eit område på 2150 km². Det er rekna ut at jordskjelvet frå eksplosjonen ville ha målt 5,0 på Richterskalaen.

Tunguskahendinga vert rekna som det største nedslaget på land i nyare historie,APOD: 2007 November 14 - Tunguska: The Largest Recent Impact Event sjølv om tilsvarande store nedslag i fjerne havområde ikkje ville vorte registrert før global satellittovervaking vart etablert på 1960- og 1970-talet.

Skildring mini|Staden der Tunguskahendinga omtrent fann stad i Sibir. mini|Tunguskahendinga. Rundt 07:17 lokal tid observerte innfødde evenkar og russiske nybyggjarar i fjellandskapet nordvest for Bajkalsjøen ei blåleg lysstripe, nesten like sterk som sola, som flytta seg over himmelen. Rundt 10 minutt seinare kom eit sterkt lysglimt og ein lyd som likna artillerield. Augevitne som var nærare eksplosjonen rapporterte at lydkjelda flytta seg frå aust mot nord. Lydane vart følgd av ei sjokkbølgje som slo folk overende og knuste vindauge hundrevis av kilometer unna. Dei fleste augevitna rapporterte berre lydane og ristingane, og ikkje sjølve eksplosjonen. Augevitneskildringane varierer òg med omsyn til rekkefølga og lengda av de forskjellige hendingane.

Eksplosjonen vart registrert ved seismiske stasjonar over heile Eurasia. Sjokkbølgja ville enkelte stader tilsvart eit jordskjelv på 5,0 på Richterskalaen (som ikkje vart utvikla før i 1935). Han lagde òg svingingar i lufttrykket som var kraftige nok til at det vart påvist i Storbritannia. I løpet av dei påfølgjande vekene var kveldshimmelen så sterkt opplyst at ein kunne lese i lyset frå han, på grunn av støvpartikler som vart spreidd i stratosfæren av eksplosjonen. I USA observerte både Smithsonian astrofysiske observatorium og Mount Wilson-observatoriet ein reduksjon i atmosfærisk sikt som varte i fleire månader, òg på grunn av svevande støv.

Utvalde augevitneskildringar Vitnemål frå S. Semenov, nedskrive av Leonid Kulik-ekspedisjonen i 1930.N. V. Vasilijev, A. F. Kovalevskij, S. A. Razin, L. E. Epiktetova (1981). Eyewitness accounts of Tunguska (Crash)., Section 6, Item 4 «Rundt frukosttid sat eg ved huset mitt i handelsposten Vanavara (65 kilometer sør for eksplosjonen), vendt mot nord. [...] Med eitt såg eg at direkte mot nord, over Onkouls Tunguskavei, vart himmelen delt i to, og eld kom til syne høgt og vidt over skogen (som Semenov viste, rundt 50 grader opp - ekspedisjonens notat). Rifta på himmelen vart større, og heile nordsida var dekt av eld. I det vart eg såg varm at eg ikkje kunne tole det, det var som om skjorta mi hadde tatt fyr; frå nordsida, der elden var, kom sterk varme. Eg ville berre rive av meg skjorta og hive henne frå meg, men så klappa himmelen saman igjen, og det høyrdest eit sterkt drønn, og eg vart kasta eit par meter til side. Eg vart frå meg ein augneblikk, men så kom kona springande og tok meg inn i huset. Etter dette kom det sånn ein støy, som steinar som fall eller kanonar som skaut, jorda rista, og då eg var på bakken pressa eg hovudet ned av frykt for at det ville bli knust av steinar. Då himmelen opna seg, raste glovarme vindar mellom husa, som frå kanonar, og dei etterlét spor i bakken som stiar og og øydela nokre avlingar. Seinare såg vi at mange vindauge var knust, og i låven var ein del av jernlåsen rive over.»

Vitnemål frå Tsjutsjan av Sjanjagirstammen, nedskrive av I.M.Suslov i 1926.Vasiliev, Section 5 «Eg hadde ei hytte ved elva saman med bror min Tsjekaren. Vi låg og sov. Med eitt vakna vi begge. Noko dytta på oss. Vi høyrde sus og merka sterk vind. Tsjekaren sa «Høyrer du alle fuglane som fyk over oss?» Vi var begge i hytta, og kunne ikkje sjå kva som føregjekk utanfor. Plutseleg vart eg dytta att, denne gongen så hardt at eg fall inn i elden. Eg vart redd. Tsjekaren vart òg redd. Vi byrja å rope på far, mor, bror, men ingen svarte. Det var bråk utanfor hytta, og vi høyrde tre som fall. Tsjekaren og eg kom oss ut av soveposane og ville løpe ut, men så kom drønna. Dette var den første tora. Jorda byrja å røre på seg og steinar og vind trefte hytta vår og slo ho over ende. Eg vart pressa ned av stokkar, men hovudet mitt var fritt. Då såg eg eit under: trea fall, greinene tok fyr, det vart veldig lyst, korleis kan eg seie dette, som om det var ei anna sol, augo mine gjorde vondt og eg lukka dei derfor igjen. Det var som det russarane kallar lyn. Og straks etter var det eit anna toreslag. Dette var det andre tora. Det var ein solfylt morgon, det var ingen skyer, sola skein klårt som vanleg, og plutseleg kom det ei til!

Tsjekaren og eg hadde vanskar med å komme oss ut frå restane av hytta vår. Då såg vi at over oss, men på ein annan stad, var det eit lysglimt til, og det kom larmande tore. Dette var det tredje toreslaget. Vinden kom igjen og slo oss over ende, mot dei velta trea.

Vi så på dei falne trea, såg tretoppane bli brekt av, såg brannane. Plutseleg ropte Tsjekaren «Sjå opp» og peikte med handa. Eg såg i den retninga og såg enno eit lysglimt og det laga enno eit toreskrall. Men lyden var mindre enn før. Dette var det fjerde braket, som vanleg tore.

Eg hugsarr no at det var eit brak til, men det var lite og ein stad langt unna, der sola går ned.»

Avisa Sibir, 2. juli 1908Vasiliev, Section 1, Item 2 «Den 17. juni, rundt ni om morgonen, observerte vi eit uvanleg naturfenomen. I landsbyen Nordre Karelinskij (200 verst nord for Kirensk) såg bøndene mot nordvest, ganske høgt over horisonten, ein merkeleg skarpt lysande (umogeleg å sjå på) blåkvit himmellekam, som i ti minutt flytta seg nedover. Lekamen såg ut som eit «røyr», dvs. ein sylinder. Det var ein skyfri himmel, berre ei lita mørk sky vart sett i same retning som den lysande lekamen. Det var varmt og tørt. Etter kvart som lekamen nærma seg bakken (skogen) let det til å bli uskarpt, og vart så til ei gigantisk svulmande sky av svart røyk, og det vart høyrt eit høgt brak, som om store steinar fall, eller artilleri vart avfyrt. Alle bygningane rista. Samstundes byrja skya å gje frå seg flammer av uviss fasong. Alle i landsbyen vart slått av panikk og løp ut i gatene, kvinner skreik og trudde det var verdas ende.

Forfattaren av desse linjene var i skogen rundt 6 verst nord for Kirensk, og høyrde mot nordaust ein lyd som av ein slags artillereld, som vart repetert kvart 15. minutt minst 10 gonger. I Kirensk rista nordaustvendte vindauge i enkelte bygningar .»

Avisa Sibirsk liv, 27. juli 1908Vasilijev, Section 1, Item 3 «Då meteoritten fall vart det observert sterke ristingar i bakken, og nær landsbyen Lovat i Kansk ujezd vart det høyrt to kraftige eksplosjonar, som frå grovkalibra artilleri.»

Avisa Krasnojaretz, 13. juli 1908Vasilijev, Section 1, Item 5 «Landsbyen Kezjemskoje. Den 17. vart det observert ei uvanleg atmosfærisk hending. Kl. 07:43 vart det høyrt ein lyd som av sterk vind. Like etterpå høyrdest eit frykteleg drønn, følgd av eit jordskjelv som bokstaveleg talt rista bygningane, som om dei vart trefte av ein stor tømmerstokk eller ein stor stein. Det første drønnet vart etterfølgd av eitt til, og så eit tredje. Deretter - i mellomrommet mellom det første og tredje drønnet, kom ei uvanleg underjordisk risting, som ein jernbane der dusinvis av tog passerer samtidig. Deretter vart det i fem til seks minutt høyrt noko nøyaktig som artillerield: 50 - 60 salvar i korte, like intervall, som gradvis vart svakare. Etter halvtanna til to minutt etter ein av «salvane» vart det høyrt ytterlegare seks drønn, som om ein kanon vart avfyrt, men kvar for seg, høgt, og i samband med ristingar.

Himmelen såg først ut til å vere klår. Det var ingen vind og ingen skyer. Men ved nærare inspeksjon i nord, dvs. der dei fleste drønna kom frå, vart det nær horisonten observert ei slags oskeaktig sky, som etter kvart vart mindre og meir gjennomsiktig, og som truleg rundt 2-3 tida om ettermiddagen forsvann heilt.»

Historie

Det var lite vitskapeleg interesse rundt nedslaget då det hende, kanskje sidan Tunguska-området låg så isolert til. Om det var nokre tidlege ekspedisjonar til staden i det heile tatt så er nedteikningane truleg gått tapt i løpet av dei påfølgjande kaotiske åra i Russland med første verdskrig, den russiske revolusjonen og den russiske borgarkrigen.

Den første registrerte ekspedisjonen kom til åstaden meir enn ti år etter hendinga. I 1921 vitja den russiske mineralogen Leonid Kulik nedslagsfeltet til elva Podkamennaja Tunguska, som ein del av ei undersøking for Det sovjetiske vitskapsakademiet. På bakgrunn av lokale utreiingar trekte han slutninga at eksplosjonen kom av eit nedslag av ein gigantisk meteoritt. Han overtalte den sovjetiske regjeringa til å finansiere ein ekspedisjon til Tunguska-regionen, basert på eit prospekt om at jern frå meteoritten kunne bergast for den sovjetiske industrien.

Kulikekspedisjonen kom fram til staden i 1927. Han vart overraska då han ikkje fann eit krater. Dei fann i staden eit område med svidde tre, rundt 50 kilometer i diameter. Ved nullpunktet var det nokre tre som merkeleg nok framleis stod oppreist, men med greiner og bark rive av. Dei som var lengre unna var slått over ende i retning bort frå senteret.

Over dei neste tiåra var det ytterlegare tre ekspedisjonar til området. Kulik fann eit lite gryteforma myrhol som han trudde kunne vere krateret, men etter ei arbeidskrevande drenering av myra fann han gamle trestumpar på botn, noko som utelukka at det var eit krater. I 1938 ordna Kulik med ei luftfoto-undersøking av området, som viste at hendingar hadde slått tre over ende i eit enormt sommerfuglforma mønster. Trass i dei omfattande øydeleggingane vart det ikkje funne noko krater.

Ekspedisjonar som vart sende til området på 1950- og 1960-talet fann mikroskopiske kuler av silikat og magnetitt i prøver av jordsmonnet. Ein meinte det kunne vere liknande kuler i dei velta trea, men dei kunne ikkje påvisast med metodane dei hadde den gongen. Seinare ekspedisjonar fann derimot slike kuler i sevja frå trea. Kjemisk analyse viste at kulene hadde høgt innhald av nikkel i høve til jern, noko som òg er tilfelle i meteorittar, og konklusjonen var at dei var av utanomjordisk opphav. Konsentrasjonen av kulene i forskjellige regionar av jordsmonnet vart òg funne å vere i samsvar med den forventa fordelinga frå ein luftsprengt meteoritt. Seinare studium av kulene fann uvanlege fordelingar av fleire andre metall i forhold til omgjevnadene, noko som òg vart sett som bevis for eit utanomjordisk opphav.