mini|Linolje som del av eit måltid. mini|Kaldpressa linolje brukt til måling.

Linolje er ei planteolje vunne ut ved pressing av linfrø. Ho er særleg kjend som eit bindemiddel for pigment i måling. Linolje var vanleg bruka bindemiddel i måling frå mellomaldren fram til 1950-talet. Linoljemåling vert enno bruka i mange samanhenger, både av kunsthandverkarar og ved antikvarisk restaurering av gamle hus. Olja blir også noko bruka som matolje.

Kaldpressa eller rå linolje Linolje bli brukt som bindemiddel i måling frå mellomalderen, mellom anna i Olavsfrontalet frå 1300-talet.Nilsen, Raymond 2013, «Fargene i norsk kunst og håndverk», i Farger gjennom tidene, besøkt 13. mai 2015. Denne olja vart framstilt ved kaldpressing. Resultatet vart ein olje av god kvalitet, men prosessen utnytta berre om lag ein tredel av olja i frøa. Kaldpressa linolje har lang tørketid. Den største fordelen ved kaldpressa linolje er at ho gulnar mindre enn den varmpressa olja. Ho vert difor bruka til framstilling av kunstnarmåling.

Varmpressa eller kokt linolje I dag vert linolje til vanleg framstilt ved at linfrø vert finmalne og verma opp før ein pressar ut olja. Varmpressa olje er mørkare enn kaldpressa. Ved oppverming til 280°C vert eggekvitestoffa i linolja felt ut, og linolja får gode tørkeeigenskapar. Husmåling med linolje er til vanleg framstilt av kokt linolje.

Kjelder

Pontus Tunander (1996): Dekorativ målning ICA bokförlag 1996 ISBN 91-534-1584-1 Drange, Aanesen og Brænne: Gamle trehus Universitetsforlaget 1996 ISBN 82-00-21389-7

Bakgrunnsstoff

kategori:husflid kategori:Biletkunst Kategori:Kunstmateriell Kategori:Måleutstyr Kategori:Kosttilskot Kategori:Matoljer Kategori:Planteoljer