mini|400px|Verda i år 1, med rike og folkeslag avmerkt. År 1 var det første året av det første hundreåret. I Romarriket var det kjend som året då Cæsar og Paullus var konsular, eller sjeldnare år 754 ab urbe condita. Året følgde år 1 f.Kr., ettersom den julianske kalenderen ikkje har noko år null.

Hendingar

Afrika Aksum i Etiopia blei grunnlagd om lag dette året.

Kina Buddhismen blei introdusert i Kina. Keisar Ping av Kina kom til makta. Yuanshitida tok til i det han-styrte kinesiske keisarriket. Konfutse blei gjeven sin første kongelege tittel, posthumt, av Baochengxun Ni.

Romarriket Tiberius, på ordre frå keisar Augustus, slo ned opprørarar i Germania. Gaius Cæsar og Lucius Aemilius Paullus fekk stillinga som romerske konsular. Ovid skreiv diktet Metamorfosar. Silke kom til Roma.

Fødde År 1 blei tradisjonelt sett på som det første i livet til Jesus. Dette fann Dionysius Exiguus ut då han laga sin kalender, men nyare forsking har funne at Jesus i alle fall ikkje blei fødd ved byrjinga av år 1.

Døde Arsjak II av Iberia, konge av Kaukasisk Iberia