Maurfuglfamilien, Thamnophilidae, er ein familie av små artar av sporvefuglar med habitat i subtropisk og tropisk Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Familien samlar over 200 artar og inneheld maurvarslarar, maursmettar, maurvireoar, gloaugo, maurvaktarar og grovnebb. Dei er nært relaterte til artar i maurriksefamilien, tapakuloar og spesielt myggetarar.
Dette er små fuglar med avrunda venger og sterke bein, typiske fjørdrakter hos maurfuglar har farger i mørkegrått, kvitt, brunt og raudbrunt. Dei fleste artane viser kjønnsdimorfisme i mønster og farger. Nokre artar kommuniserer åtvaringar til kvarandre ved å eksponere kvite fjørflekker på stjertfjørene eller skuldra. Dei fleste artane har kraftige nebb, ofte har overnebbet ein nedbøygning heilt i enden.
Ein typisk maurfugl lever i skogshabitat, sjølv om det finst funn i andre habitat. Den viktigaste dietten er insekt og andre leddyr, men dei kan òg fange små virveldyr av og til. Vi finn dei fleste artane i underskog eller i meddels høgd, men nokre få artar hentar fôr i lauvtaket eller nede på bakken. Mange artar kan gå inn i større fleirartsflokkar for å søkje mat. Eit mindretal spesialiserer seg på å følgje kolonnar av vandremaur for å ete små virvellause dyr som flyktar frå maurane, mange artar kan hente mat på denne måten meir vilkårleg.
Maurfuglar er monogame og forsvarar territoriet. Dei legg vanlegvis to egg i et reir som anten er hengt opp i greiner eller vert stødd av ei grein, ein stubbe eller ein jordhaug på bakken. Begge foreldra deler på oppgåvene med ruging og fôring av ungar. Etter at ungane forlèt reiret, tar dei ansvar for kvar sin unge.
Ei rekkje artar er utryddingstrua på grunn av menneskelege aktivitetar, hovudsakleg tap av habitat. Dei er sårbare for fragmentering av habitat og for auka predasjon på dei oppdelte habitata.
Systematikk
Maurfuglamilien Thamnophilidae vart tidlegare rekna som ein underfamilie, Thamnophilinae, innanfor ein større familie Formicariidae som òg inkluderte maurrikser og maurpittaer. Den gongen var den større familien kjent som «maurfuglfamilien» og underfamilien Thamnophilinae var kalla «typiske maurfuglar». I denne artikkelen refererer både «maurfuglar» og «maurfuglfamilien» til dagens definisjon av familien som har det vitskaplege namnet Thamnophilidae.
Thamnophilinae vart fjerna frå Formicariidae, og maurrikser og maurpittaer stod att fordi ein vart klår over skilnader i strukturen på brystbeinet, sternum, og i syrinx, og etter resultata frå Sibley og Ahlquist sine studiar i DNA-DNA-hybridisering.Sibley, C. G. & J. E. Ahlquist (1990) Phylogeny and classification of birds. Yale University Press, New Haven, Conn.Rice, N. H. (2005): Further Evidence for Paraphyly of the Formicariidae (Passeriformes). (PDF) Condor 107(4): 910–915. Seinare har maurpittaer vorte isolert i sin eigen familie Grallariidae.
Morfologi mini|venstre|Beina og føtene av maurfølgjande maurfuglar er stabile og tilpassa å ta grep på vertikale stammar og greiner. Hos brunflankemaurvaktar gjer beinmuskulaturen ut for 13 % av den totale kroppsvekta.
Maurfuglar er ei gruppe små til mellomstore sporvefuglar som varierer i storleik frå den store risemaurvarslar, som måler 45 cm og veg 150 gram, til den vesle 8 cm lange dvergmaursmett, som veg 7 gram. Maurfuglslektene varierer sterkt i storleik, i generelle termar er maurvarslarar relativt store kraftige fuglar, maurvireoar mellomstore og tettvaksne, medan maursmettar inkluderer dei fleste mindre artane. Medlemmer av denne familien har korte avrunda venger som gjev god manøvreringsevner ved flyging i tett underskog. Beina er store og sterke, særleg blant artar som kan leve som maurfølgjarar. Desse fuglane har føter som er godt tilpassa å gripe tak i loddrette stenglar og ungtre, som er meir vanlege enn horisontale greiner i underskogen. Evna til å gripe dei er eit føremon for fuglar som følgjer kolonnar av vandremaur. Klørne på desse maurfuglane er lengre enn artar som ikkje følgjer maurar, og sålene på nokre artar har anslag som er hardt gripande når foten er knytt. Lengda på tarsen hos maurfuglar er relatert til strategien dei har for næringssøk. Lengre tarsar finn ein vanlegvis i slekter som Thamnophilus-maurvarslarar som beitar frå ei grein og snappar insekt frå greina, medan kortare tarse vanlegvis finst blant dei som fangar byttedyr i flukt, slik som Thamnomanes-maurvarslarar gjer.Schulenberg, T. S. (1983). Foraging behaviour, ecomorphology and systematic of some antshrikes (Formicariidae: Thamnomanes). (PDF) Wilson Bulletin. 95: 505–521.
Dei fleste maurfuglar har forholdsmessig store, tunge nebb. Fleire slekter av maurvarslarar har ein kraftig krok på nebbspissen, og alle maurfuglar har eit hakk eller ei «tann» på nebbtuppen som hjelper til å halde og knuse insekt. Dei to slektene av grovnebb har oppeikande meiselliknande nebb.Lanyon, S.; Stotz, D. & Willard, D. (1990) Clytoctantes atrogularis, a new species of antbird from western Brazil. (PDF) Wilson Bulletin 102 (4): 571–580
Fjørdrakta hos maurfuglar er generelt mjuk og lite fargerik, sjølv om det er nokre unntak av artar med meir iaugefallande farger. Fargepaletten for dei fleste artane går i gråsvarte nyansar, kvitaktige nyansar, raudbrunt, kastanje og brunt. Drakta kan vere einsarta i farge eller mønstra med sperrer eller flekker. Kjønnsdimorfisme - skilnadar i farger og mønster mellom hannar og hoer - er vanleg i familien. Samla sett er mønstret innan familien for hannar kombinasjonar av grått, svart eller kvitt og hoene har gulbrune, raudbrune og brune farger. Til dømes er hannfuglen av perlevengmaursmett primært gråsvart, medan hoa har rustfarga underside.Greenberg, R. & J. Gradwohl (1983) Sexual Roles in the Dot-Winged Antwren (Microrhopias quixensis), a Tropical Forest Passerine. (PDF) Auk 100 (4): 920–925 Hos nokre slekter som Myrmotherula, er artar mest kjennelege av fjørdrakta hos hofuglar enn hannar.Rice, N. H. & A. M. Hutson (2003) "Antbirds". pp. 446–449 in Perrins, C. (editor). (2003). Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. ISBN 1-55297-777-3 Mange artar av maurfuglar har ein avvikande flekk av kvite fjører, nokre gonger i andre farger, på ryggen, skulder eller undervengen. Desse flekkene er vanlegvis skjulte av mørkare fjører på ryggen, men når fuglen er opphissa eller skremt, kan desse fjørene hevast til å blinke i kvitt. Perlevengmaursmett viser kvit flekk på ryggen, medan stålmaurvarslar og kvitflankemaursmett har kvit flekk på skuldra.Munn, C. A. & J. W. Terborgh (1979) Multi-Species Territoriality in Neotropical Foraging Flocks. (PDF) Condor 81 (4): 338–347.
Læte høgre|mini|Song frå bandmaurvarslar Songane og andre lydytringar frå maurfuglar består generelt av gjentatte, enkle ukompliserte tonar. Familien er ein suboscine sporvefuglfamilie som har enklare syrinxar enn Passeri, songfuglar. Likevel er maurfuglsongane karakteristiske og artsspesifikke, slik at identifikasjon er mogleg ut frå songen. Maurfuglar nyttar lydytringar til å halde kontakt, noko som er typisk for fuglar som lever i underskogar med lite lys. Dei fleste artane har minst to typar av song, høge og mjuke. Funksjonane til ulike lydytringar har blitt utleidd frå samanhengen, til dømes har einskilde høge songar eit territorialt mål og blir gjeve når fuglane møtest på grenser mellom territorium. I tilfelle av konflikt om territorium vil hannen i det eine paret møte hannen frå det andre paret og likeins vil hoene frå begge para møtest. Duettsong er potensielt knytt til vedlikehald av parband.Seddon N & J Tobias (2006) Duets defend mates in a suboscine passerine, the warbling antbird (Hypocnemis cantator). Behavioral Ecology 17 (1): 73–83 Funksjonane til mjuke songar er meir komplekse, og moglegvis relatert til å stadfeste parband. Andre lydar inkluderer skjenn ved predatormobbing.Wiley, R. H. (1971) Cooperative Roles in Mixed Flocks of Antwrens (Formicariidae). (PDF) Auk 88 (4): 881–892 Lydkontakt mellom maurfuglar føregår òg på tvers av artsgrenser. Nokre artar av maurfuglar, og jamvel fuglar av andre familiar, vil aktivt søkje mot maursvermar ut frå kall frå nokre kjerneartar av maurfølgjarar.Chaves-Campos, J. (2003) Localization of army-ant swarms by ant-following birds of the Caribbean slope of Costa Rica: following the vocalization of antbirds to find the swarms Ornitología Neotropical 14 (3): 289–294
Utbreiing og habitat mini|høgre|Bandmaurvarslar er utbreidd frå Mexico til Argentina. Han har nedbøygd nebbtupp, typisk for maurvarslarar.
Utbreiinga av maurfuglar er avgrensa til den neotropiske regionen, det største artsmangfaldet finst i tropane. Nokre få artar når nord til det sørlege Mexico og sør til det nordlege Argentina. Nokre artar, til dømes bandmaurvarslar, har ei kontinental utbreiing som strekkjer seg over det meste av Mellom-Amerika og Sør-Amerika. Andre, slik som oskestrupemaursmett, har ei snever utbreiingBirdLife International (2010) Species factsheet: Herpsilochmus parkeri. Lest hos Birdlife International 24. mai 2011
Fuktig regnskog i lågland er typisk biotop for maurfuglar. Få artar finst i høgareliggande område, mindre enn 10 % av artane over 2000 moh., og nesten ingen over 3000 moh. Den høgste artsdiversiteten finst i Amazonasbassenget, opp til 45 artar er funne på einskilde stader i område i Brasil, Colombia, Bolivia og Peru. Mengda av artar går dramatisk ned mot ytterkantane av utbreiingsområdet, det er berre sju artar i Mexico, til dømes. Område med lågare maurfuglmangfald kan likevel innehalde endemiske artar. Yapacanamaurfugl, til dømes, er avgrensa til småskog som veks i område med næringsfattige kvit sandjord, den såkalla amazoncaatinga i Brasil, Venezuela og Colombia.Zimmer, K. (1999) "Behavior and vocalizations of the Caura and the Yapacana Antbirds" (PDF) Wilson Bulletin 111 (2): 195–209 Nokre artar er hovudsakleg knytt til mikrohabitat innanfor eit større økosystem, til dømes er bambusmaurvarslar hovudsakleg funne inne i små bambusskogar.Pierpont, N. & J. W. Fitzpatrick (1983) Specific Status and Behavior of Cymbilaimus sanctaemariae, the Bamboo Antshrike, from Southwestern Amazonia. (PDF) Auk 100 (3): 645–652
Åtferd
Maurfuglar er dagaktive: dei gjer alle aktivitetar innan matsøk, hekking og forsvar av territorium i dagslys. Mange artar i familien er likevel tilbakehaldne med å syne seg fram i område der direkte sollys bryt gjennom lauvverket. Maurfuglar vil ta maurbad, ei åtferd der fuglar smørar fjørene sine med væske som maurar eller andre leddyr skil ut, før dei blir kasta eller ete.Willis, E. & Y. Oniki (1978) Birds and Army Ants Annual Review of Ecology and Systematics 9: 243–263 Mens åtferda konvensjonelt har vore tenkt å vere ein måte å fjerne og kontrollere fjørparasittar på, har det blitt foreslått at for maurfuglar kan åtferda berre vere ein måte å takle usmakelege stoff i byttedyr.
Føde mini|høgre|Ein krattmaurvarslar plukkar insekt frå lauvverket. Den viktigaste komponenten i dietten av alle maurfuglar er leddyr. Dette er i hovudsak insekt, mellom anna grashoppar og sirissar, kakerlakkar, knelarar, stikkinsekt, sommarfugllarver og møll. I tillegg tar maurfuglar ofte edderkoppar, skorpionar og tusenbein. Dei svelgjer mindre byttedyr raskt, medan dei ofte slår større bytte mot greiner for å fjerne venger og ryggsøyle. Større maurfuglartar kan drepe og ete froskar og øgler òg, men generelt gjer ikkje dette ut for ein viktig del av kosthaldet til fuglar i denne familien.Lopes, L. E; Fernandes, A. M. & A. M. Marini (2005). Predation on vertebrates by Neotropical passerine birds. Lundiana 6 (1): 57–66 Anna føde inkluderer frukt, egg og sniglar.