Tjuetoprikka marihøne (Psyllobora vigintiduopunctata) er ei 3–4,5 mm stor marihøne.
Tjuetoprikka marihøne er knytt til grasenger. Ho er vanleg i Noreg, der ein finn henne på Sørlandet og Austlandet.
Medan både larvar og imago hos dei fleste marihønene er rovinsekt, er den tjuetoprikka marihøna vegetarianar. Ho lever av plantesnyltande sopp.
Kjelder
Bioforsk 06/2008: Vanlige norske marihøner Ragnhild Sundby: Insekter og deres mangfoldige verden Landbruksforlaget 1995 ISBN 82-529-1710-0
Bakgrunnsstoff
Kategori:Marihøner Kategori:Insekt i Noreg