mini|Bilete av Hubble-teleskopet av eit utsnitt av Slørtåka. Slørtåka (katalogisert NGC 6960) er ein supernovarest som ligg rundt 1500 lysår unna jorda i stjernebiletet Svana.«Uncovering the Veil Nebula» - Hubble-pressemelding vedrørande bilete av tåka teke av teleskopet. Slørtåka spenner over 3 grader på himmelen sett frå jorda; noko som svarer til rundt seks fullmånar.

Estimat går ut på at supernovaeksplosjonen som skapte Slørtåka skjedde for 5 til 10 000 år sidan. Restane frå denne eksplosjonen ekspanderer utover med ein fart på 600 000 kilometer i timen og kolliderer med omgjevnadane. Energien som då blir frigjeven får gass til å gløda, og dette kan sjåast som Slørtåka.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Supernovarestar Kategori:Svana Kategori:NGC-objekt