Valdajsjøen (russisk Валдайское озеро - Valdajskoje ozero; Валдай) er ein innsjø midt i Valdajhøgdene i Novgorod oblast i Russland. Han har eit areal på 19,7 km² utan øyar. Han er i snitt 12 meter djup og på det djupaste 60 meter. Han frys til tidleg i desember og er isdekt til tidleg i mai. Byen Valdaj ligg ved breidda av innsjøen. På ei av øyane i innsjøen ligg Iverskij kloster.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Valdai Lake» frå , den 1. september 2008.
Kategori:Innsjøar i Russland Kategori:Novgorod oblast