Sopran eller sopransongar (kjem av Sopra, betyr over) er omgrepet nytta om den lysaste kvinnerøysta, men vert òg nytta om guterøyster (gutesopran). Ofte skil ein mellom fyrste sopran (lysare) og andre sopran (mørkare), særleg i korsamanheng. Av di det er den lysaste røysta i eit kor, har ofte sopranen melodilinja.

Nokre kjente sopranar Maria Callas Montserrat Caballé Sarah Brightman Beverly Sills Leontyne Price Victoria de los Ángeles Anna Moffo Joan Sutherland Renata Tebaldi Kirsten Flagstad Renée Fleming Astrid Herseth Sissel Kyrkjebø Tuva Weideborg Hongve

Rekkjevidd

Nedanfor er ein illustrasjon av rekkevidda til ein sopran på eit piano. Ein sopran kan altså vanlegvis synga frå einstroken c til tristroken c.

Anna bruk av ordet Ein nyttar ordet også om lyse instrument i eit orkester: sopranblokkfløyte, sopransaksofon.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sopran» frå , den 3. september 2008.

Kategori:Vokalmusikk Kategori:Røyster Kategori:Tone Kategori:Operaterminologi Kategori:Italienske ord og uttrykk