mini|Lara Flynn Boyle med Kyle MacLachlan ved Emmy Awards i 1990.

Lara Flynn Boyle () er ein amerikansk filmskodespelar. Ho er best kjend for rolla som Donna Hayward i fjernsynsserien Twin Peaks (1990–1991). Etter å ha spelt Stacy i komedien Wayne's World (1992) hadde Boyle ei hovudrolle i den kritikarroste neo-noir-filmen Red Rock West (1993). Frå 1997 til 2003 spelte Boyle Assistant District Attorney Helen Gamble i fjernsnsserien The Practice, som ho blei nominert til ein a Primetime Emmy Award for.

Bakgrunn Boyle blei fødd i Davenport i Iowa som dotter av Sally Flynn og Michael L. Boyle. Farfaren hennar var Charles A. Boyle, eit medlem av Representanthuset i USA. Boyle har irsk, tysk og italiensk avstamming. Ho er kalla opp etter ein person i Boris Pasternak sin roman Doktor Zjivago. Ho voks opp i Chicago, Illinois og Wisconsin, og utdanna seg ved The Chicago Academy for the Arts.

Filmografi

Amerika (1987) (kortserie) Poltergeist III (1988) The Preppie Murder (1989) (TV) Dead Poets Society (1989) How I Got Into College (1989) Twin Peaks (1990) (fjernsynsserie, 1990 - 1991) The Rookie (1990) Mobsters (1991) Red Rock West (1992) Where the Day Takes You (1992) Wayne's World (1992) The Temp (1993) Threesome (1994) Past Tense]] (1994) (TV) Baby's Day Out (1994) The Road to Wellville (1994) The Big Squeeze (1996) Afterglow (1997) The Practice (fjernsynsserie, 1997–2003) Happiness (1998) Susan's Plan (1998) Since You've Been Gone (1998) Speaking of Sex (2001) Men in Black II (2002) Las Vegas (fjernsynsserie, 2003, 2005) Huff (fjernsynsserie, 2004-2006) The House Next Door (2006) Have Dreams, Will Travel (2007) Life Is Hot in Cracktown (2009) Baby on Board (2009) Cougar Hunting (2010) & Gretel Get Baked (2013) Lucky Dog (2015) Death in Texas (2020)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lara Flynn Boyle» frå , den 20. oktober 2021.

Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Folk frå Wisconsin Kategori:Folk frå Chicago