Gwyneth Paltrow () er ein amerikansk filmskodespelar og matskribent."Gwyneth Paltrow Close to Signing Record Deal" March 7, 2011, Rolling Stone"She Acts. She Sings. She Cooks?" April 13, 2011, The New York Times
Ho blei først kjend for roller i thrilleren Seven (1995) og det historiske dramaet Emma (1996). Etter leiande roller i det romantiske komediedramaet Sliding Doors (1998) og thrilleren A Perfect Murder (1998) fekk ho verdsvid suksess med rolla si i Shakespeare in Love (1998), som ho vann ein Oscar, ein Golden Globe og to Screen Actors Guild-prisar for.
Frå 2008 har Paltrow spelt Pepper Potts, den kvinnelege hovudrolla i Iron Man-serien i Marvel-universet, i filmane Iron Man (2008), Iron Man 2 (2010), The Avengers (2012) og Iron Man 3 (2013). Ho vann ein Primetime Emmy-pris for «Outstanding Guest Actress in a Comedy Series» i 2011 for si rolle som Holly Holliday i Fox-serien Glee.
Paltrow har reklamer to Estée Lauder-parfymen «Pleasures» sidan 2005, og for det amerikanske motemerket Coach. Ho eig eit livsstilsselska, GOOP, og har skrive to kokebøker.
Ho gifta seg med vokalisten i Coldplay, Chris Martin, i 2003. Dei har to born saman. Paret gjekk frå kvarandre i 2014 og skilde seg i 2016.
Filmografi (utval)
Iron Man (2008) - Pepper Potts Proof (2005) - Catherine Sydney (1996) - Clementine
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gwyneth Paltrow» frå , den 10. juni 2017.
Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Folk frå Los Angeles