«Be-Bop-A-Lula» er ein rock and roll-song som først var spelt inn i 1956 av Gene Vincent and His Blue Caps. Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte songen på 102. plass over dei 500 største songane gjennom tidenen.

Songen er kreditert til Gene Vincent og mangaren hans Bill «Sheriff Tex» Davis. Songen kom til i 1955 då Vincent kom seg etter ei motorsykkelulukke. På sjukhuset i Norfolk i Virginia møtte han Donald Graves, som visstnok skreiv teksten til songen, medan Vincent skreiv melodien. Davis kjøpte visstnok låtskrivarrettane frå Graves for om lag $50.

Frasen «Be-Bop-A-Lula» er nesten identisk til «Be-Baba-Leba», tittelen på ein song av Helen Humes i 1946, som klarta til tredjeplass på R&B-lista, og som vart ein endå større hit for Lionel Hampton som «Hey! Ba-Ba-Re-Bop». Frasen, eller liknande uttrykk, vart mykje nytta i jazz-miljø i 1940-åra og gav namn til ein bebop-stil.Peter Gammond, The Oxford Companion to Popular Music, 1991, ISBN 0-19-311323-6

Tidleg i 1956 spelte Gene Vincent songen på eit radioshow i Norfolk og spelte inn ei demoutgåve som vart gjeve til Capitol Records. Dei hadde leita etter ein yngre songar som kunne konkurrere med Elvis Presley. Capitol inviterte Gene Vincent til å spele inn songen i Nashville den 4. mai 1956. Bandest bestod av Cliff Gallup (sologitar), «Wee» Willie Williams (rytmegitar), «Jumpin'» Jack Neal (kontrabass) og Dickie «Be Bop» Harrell (trommer). Då songen vart spelt inn, skreik Harrell i bakgrunnen fordi han ville vere sikker på at familien skulle høyre at det var han som spelte på plata.

Songen vart gjeven ut i juni 1956 på Capital Records og selde raskt mykje. I april 1957 rapporterte plateselskapet at det var seld over 2 millionar eksemplar av singelen. Songen nådde 7. plass på Billboard-lista.

Andre utgåver Mange andre artistar har spelt songen, som har vorte ein rocke-standrard, som Elvis Presley, Jerry Lee Lewis, The Beatles, Suicide, David Cassidy, The Everly Brothers, Foghat, John Lennon, Paul McCartney, Gene Summers, Carl Perkins, Raul Seixas, Demented Are Go, Stray Cats, Queen og 77.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Be-Bop-A-Lula» frå , den 23. september 2008. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Teksten til Be-Bop-A-Lula

Kategori:Songar frå 1956 Kategori:Rock and roll-songar 102 Kategori:Foghat-songar Kategori:Gene Vincent-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Jerry Lee Lewis-songar Kategori:The Everly Brothers-songar Kategori:Carl Perkins-songar Kategori:The Beatles-songar Kategori:Gene Summers-songar Kategori:John Lennon-songar Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Queen-songar Kategori:Eric Burdon-songar Kategori:The Drifters-songar Kategori:Link Wray-songar Kategori:Cliff Richard-songar Kategori:Brian Setzer-songar