thumb|Dokka stasjon Dokka er ein tettstad og administrasjonssenteret i Nordre Land kommune i Innlandet fylke. Tettstaden har og ligg like nord for Randsfjorden. Dokka er handelsstad for bygdene omkring, og har fleire kjøpesenter: Bergfossenteret, Bondlidsenteret og Sentrum. Ei helg i juni har Dokka sine «Sommardagar».

Dokka har barneskule, ungdomsskule, vidaregåande skule, fleire barnehagar, eit eldreheim, ungdomssklubb og bibliotek.

Kommunikasjon Riksveg 33 (Rv33) kjem sørfrå, langs austsida av Randsfjorden. Den fortsett nordvestover til Etnedal og Bjørgo. Riksveg 245 (Rv245) går sørover på vestsida av Randsfjorden. Riksveg 250 (Rv250) går gjennom/forbi Aust-Torpa (Sjå Torpa), over Vingromsåsen og ned til Vingrom, ca. 6 kilometer sør for Lillehammer. Vegen er 46,1 kilometer lang.

Valdresbanen er ein nedlagt jernbane med sambinding til Gjøvikbanen, og gjekk opphavleg frå Eina til Fagernes. Strekninga Eina–Dokka vart opne i 1902 under namnet Landsbanen, og i 1906 blei Valdresbanen fram til Fagernes offisielt open. Persontrafikken vart innstilt på banen fra 31. desember 1988, medan det fortsette å køyre godstog til Dokka fram til 31. mars 1999. Ein køyrer turisttog om sommaren på strekninga frå Eina til Dokka, og nord for Dokka er det mogleg å sykle skjenesykkel.

Kultur Lands Museum ligg på Dokka.

Kjende personar frå Dokka Trygve Rønningen Rune Bratsveen Johanne Kolstad Ola Tore Dokken Kjetil Bjørklund Mads Peder Sveen

Sjå òg Tettstader i Innlandet

Kjelder SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Oppland»

Kategori:Tettstader i Innlandet Kategori:Geografi i Nordre Land Kategori:Kommunesenter i Innlandet