Midtre Gauldal er ein kommune i Trøndelag fylke. Han grensar mot kommunane Melhus og Selbu i nord, mot Holtålen i aust, mot Os og Tynset i sør, og mot Rennebu og Orkland i vest.

Talet på innbyggjarar var 5950 per 1. januar 2009. Kommunesenteret er Støren. Midtre Gauldal ligg langs E6 fem mil sør for Trondheim.

Historie Kommunehistorie Midtre Gauldal kommune vart oppretta i 1964 etter at kommunane Støren, Soknedal, Singsås og Budal slo seg saman.

Samfunn Kommuneadministrasjonen ligg på Støren, cirka 50 km sør for Trondheim. På Støren finn ein eit utdanningssenter med barne- og ungdomsskole samt ein vidaregåande skole med ei mengde linjer. Gjennom kommunen renn fleire vassdrag, dei største er Gaula, Sokna og Bua i Sørtrøndelag som alle er gode lakseelvar.

Kommunen består i hovudsak av fylgjande område: Budal, Singsås, Støren og Soknedal.

Næringsliv Kyllingindustri er ei stor næring i kommunen, særleg representert ved storbedriften Norsk Kylling. Andre store bedrifter i kommunen er Støren Trelast og Støren Treindustri

Geografi

Forollhogna nasjonalpark ligg delvis i kommunen.

Elvar, fjell og vatn Gaula Burusjøen Holsjøen

Kultur

Tusenårsstad Kommunens tusenårsstad er Buosen (eller Buaneset), ein friluftsscene like ved elva Gaula. Staden er omtala i Snorres kongesoger.

Buosen ligg på Rognes cirka ei mil søraust for Støren i retning Røros.

Idrettslag Støren Sportsklubb Sokna Idrettslag Rognes Idrettslag Budal Idrettslag Singsås Idrettslag

Korps Støren Skolekorps Støren Musikkorps Soknedal Skolekorps Budal Skolekorps Singsås Skolekorps

Kjende personar frå Midtre Gauldal kommune Marit Bjørgen, verdsmeister i langrenn, kjem frå Rognes Svein Tore Samdal, trenar for damelandslaget i langrenn Magnar Solberg, olympisk meister i skiskyting Henrik O. Anshushaug, skyttarkonge. Tor Lian, president i Det europeiske håndballforbundet Ole Reitan, kjøpmann (Soknedal)

Bakgrunnsstoff Midtre Gauldal

Kategori:Kommunar i Trøndelag Kategori:Norske kommunar skipa i 1964