Sel, tidlegare kalla Nord-Sel, er ei bygd i Sel kommune i Innlandet fylke. Han hadde tidlegare status som tettstad i Oppland fylke.
mini|venstre|Stove ved Romundgard nedre på Sel mini|venstre|Sel stasjon som inngår i Dovrebanen er på Sel. Stasjonen har ikkje lenger passasjertrafikk.
Sel ligg ved Lågen i Gudbrandsdalen nord i kommunen, 13 km. frå Otta sentrum. Dovrebanen går gjennom staden på vestsida av Lågen, medan Europaveg 6 går på austsida av elva. Fv438 går via Laurgård bru over Lågen på Sel.
Nord-Sel var tidlegare kommunesenter i Sel kommune, men etter at Dovrebanen kom og Otta stasjon blei gjort til knytepunkt mot Ottadalen og vidare vestover, overtok Otta som kommune senter.
På Nord-Sel er det ein butikk, bensinstasjon, kyrkje, eige idrettslag med fotball, ski og allidret, turlag, dansefestival, grendalag samt samfunnshus og park. Nord-Sel hadde og eige skule, Sel skule men, frå hausten 2019 blei elevane flytta over til Otta skulekrets.
På Sel ligg Nord-Sel kyrkje frå 1932.
Sjå òg Tettstader i Oppland
Kjelder
SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Oppland»
Bakgrunnsstoff Om Nord-Sel på nettstaden selhistorie.no
Kategori:Geografi i Sel Kategori:Bygder i Innlandet Kategori:Utgåtte tettstader