Tsilma (russisk Цильма) er ei elv i Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Petsjora frå venstre.

Elva har ei lengd på 374 km og eit nedslagsfelt på  km². 54 km frå munningen har ho ei middelvassføring på 228 m³/s.

Dei største sideelvane hennar er Kosma og Tobysj frå venstre og Myla og Usa frå høgre.

Tsilma spring ut frå Timanhøgdene på grensa til Arkhangelsk oblast nordvest i republikken Komi. Ho renn nordover før ho svingar austover gjennom øydemarka. I den nedre delen av elva ligg det enkelte landsbyar ved breidda.

Tsilma renn ut i Petsjora på motsett side av byen Ust-Tsilma.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Цильма» frå , den 29. september 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Komi