Romedal er ein tettstad i Stange kommune, og ein tidlegare kommune i Hedmark i Innlandet fylke. Staden har og ligg sju kilometer austom kommunesenteret Stangebyen.
Romedal var frå 1837 til 1963 ein kommune i Hedmark, med eit areal på 385,3 km².
Bygda, som høyrer til flatbygdene på Austlandet, har ein todelt topografi. Nordvestdelen, hovudsoknet Romedal, er «eit lågt bakkeland, 140-200 moh. silurskifer, mest alunskifer, grorsam 'Svartjord'»*Norsk Allkunnebok. IX. Bandet. 1960 spalte 701-2 og tettbygde jordbruksstrok. Resten av bygda, Vallset sokn, er mykje skogkledd med åsar, myrar og vatn. I heile Romedal er det 116 vatn, høgste punktet er Årekjølen på 623 meter over havet, heilt i søraust.
Folketalet i Romedal var 2787 i 1801. I 1865 budde 4928 menneske i kommunen, men deretter fall folketalet til 4593 i 1900, før det atter auka til i kring 6500 i tida frå kring 1950, då folketilveksten stoppa opp. Romedal kommune vart slått saman med Stange til den nye Stange kommune 1. januar 1964. Romedal hadde ved samanslåinga 6 441 innbyggjarar. Tettstaden Ilseng ligg i Romedal krins. Jønsberg landbruksskule ligg i Romedal. Ein romedøl er ein person som bor innanfor dei gamle kommunegrensene.
Romedal kyrkje ligg tre km nordvest for tettstaden Romedal.
Sjå òg Tettstader i Innlandet
Kjelder Norsk Allkunnebok. IX. Bandet. 1960 SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Hedmark»
Fotnotar
Kategori:Geografi i Stange Kategori:Historie i Stange Kategori:Tettstader i Innlandet Kategori:Tidlegare kommunar i Hedmark Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1964