Brumunddal er ein tettstad og kommunesenteret i Ringsaker kommune i Innlandet med . Tettstaden ligg på begge sider av elva Brumunda, litt ovanfor utløpet i Mjøsa, og har vakse fram som tettstad etter at jernbanen vart opna i 1894. Brumunddal ligg om lag 15 km nordvest for Hamar.

Brumunddal har atskilleg industri med tilknyting til jord- og skogbruk, særleg trevare- og næringsmiddelindustri. Brumunddal er eit servicesentrum for store delar av Ringsaker, med særleg vekt på tenesteyting overfor landbrukssektoren. Brumunddal kyrkje vart innvigd i 1965.

mini|venstre|Brumunddal stasjon

Kjende brumunddølar Bjørn Hatterud, forfattar

Sjå òg Tettstader i Innlandet

Kjelder

SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Hedmark»

Bakgrunnsstoff Eldre fotografi frå Brumunddal på nettstaden til Nasjonalbiblioteket

Kategori:Geografi i Ringsaker Kategori:Tettstader i Innlandet Kategori:Byar i Innlandet Kategori:Kommunesenter i Innlandet