Stangholmen fyrstasjon er eit fyr utanfor Risør i Agder.

Stangholmen fyrstasjon vart sett i drift 27. oktober 1855. Namnet viser at det har stått eit sjømerke på øya i eldre tid, ei stong i steinen med ein arm på toppen som viser rett veg.

Fram til 1959 heldt 8 fyrvaktarfamiliar til på Stangholmen i kortare eller lengre tid. I dag vert det drive restaurant i den gamle fyrbygningen, og det gamle fyret er erstatta av eit lyktehus på søyle føre fyrbygningen.

Sjå òg Fyr i Noreg Nedlagde fyrstasjonar i Noreg

Kjelder

stangholmen.no

Kategori:Fyr i Agder Kategori:Samferdsle i Risør Kategori:Byggverk i Risør