«I Should Have Known Better» er ein song av John Lennon (kreditert til Lennon/McCartney) og opphavleg gjeven ut av The Beatles på albumet A Hard Day’s Night i 1964. Songen vart gjeven ut på singel i Europa og gjekk til topps på VG-lista i Noreg.VG-lista
Skaping I januar 1964, medan Beatles spelte tre veker på Olympia Theatre i Paris, vart The Beatles kjende med musikken til den amerikanske visesongaren Bob Dylan og fekk tak i albumet hans Freewheelin’ Bob Dylan. Den amerikanske journalisten Al Aronowitz introduserte dei for Dylan då Beatles vitja New York i februar 1964 og Dylan vart vidare ei stor inspirasjonskjelde for gruppa, særleg på Lennon. Ein av følgjene av dette var songen «I Should Have Known Better».Paul McCartney sa at Dylan sine songane hadde flotte tekstar og Lennon sa at Dylan inspirerte han til å skrive tekstar med meir meining.
Ein orkester-versjon av songen dirigert av George Martin er på B-sida av den amerikanske utgåva av albumet.
Songen vart spelt inn over to dagar 25. og 26. februar 1964 ved Abbey Road Studios. Mono- og stereoutgåvene har noko forskjellig munnspelintroar.
Songen vart først gjeve ut på albumet A Hard Day’s Night i Storbritannia den 10. juli 1964. Her vart han ikkje gjeve ut på singel før han kom som B-side på ei singelutgåve av «Yesterday» i 1976. I USA vart songen gjeven ut 13. juli 1964 som B-sida til singelen «A Hard Day’s Night». I Europa vart songen gjeven ut på singel og gjekk mellom anna inn på listene i Vest-Tyskland og i Noreg.
Medverkande John Lennon — vokal, akustisk rytmegitar, munnspel Paul McCartney — bassgitar George Harrison — 12-strengar sologitar Ringo Starr — trommer
Andre versjonar Songen vart spelt av The Beach Boys i 1965.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «I Should Have Known Better» frå , den 5. oktober 2008. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:The Beach Boys-songar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar på toppen av VG-lista Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:Phil Ochs-songar Kategori:She & Him-songar Kategori:Jan & Dean-songar Kategori:Roberta Flack-songar Kategori:Sly & Robbie-songar Kategori:Capitol Records-singlar