Økshammaren fyrstasjon er eit fyr som ligg på øya Selbjørn i Austevoll kommune i Vestland.
Fyret vart først oppretta som eit fiskefyr som berre vart nytta under det rike sildefisket. Fyrbygningen i tre er frå 1861 med eit lyktehus frå 1875 i gavlen. Dette er lafta og bordkledd. Fyret vart lagt ned i 1918 og erstatta av ei fyrlykt like ved. Den opphavlege fyrlykta manglar i dag optikk.
I tillegg til fyrbygningen finn ein uthus og veg til landingen. Landskapet er kupert med mange røyser, steingardar og grassflekkar som framleis vert nytta som beitemark. Området like ved er føreslått verna som naturreservat etter lov om naturvern.
Som ein godt bevart representant for fiskefyra er Øksehamarane freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg Fyr i Noreg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fyr i Vestland Kategori:Byggverk i Austevoll Kategori:Samferdsle i Austevoll Kategori:Kulturminne i Austevoll Kategori:Freda bygg i Vestland Kategori:Byggverk ferdigstilt i 1849