Grasøyane fyrstasjon er eit fyr som ligg på Grasøya i Ulstein kommune på Sunnmøre. Fleirtalsforma Grasøyane viser til dei omlag jamstore øyane Grasøya og Skjærvøya.

Fyrstasjonen har to fyrtårn. Det eine står i den opphavlege fyrbygningen i tre med tårn i hjørnet og vart bygd i 1886. Det andre er eit 16 meter høgt støypejernstårn frå 1950, det siste som vart bygd i landet. Tretårnet vart skadd under eit flyåtak i 1945. Stasjonen får straum frå eit solcellepanel. Fyrstasjonen vart avbemanna og automatisert i 1986.

I tillegg har fyrstasjonen maskinhus, uthus og ein finn tufter etter assistenbustad, samt landing med ei lang bryggje i ei langgrunn fjøre.

Fyrstasjonen ligg innanfor området som er dekt av Runde naturreservat og er verna etter lov om naturvern. I tillegg har fyrstasjonen fyrhistorisk verdi med to generasjonar fyrtårn, og er derfor òg freda etter lov om kulturminne.

Sjå òg Fyr i Noreg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fyr i Møre og Romsdal Kategori:Freda bygg i Møre og Romsdal Kategori:Kulturminne i Ulstein kategori:Øyar i Ulstein