Peer Hultberg () i Vangede) var ein dansk forfattar, doktor i polsk og psykoanalytikar. Han voks opp i Horsens og Viborg.

Han studerte i København, Skopje, Warszawa, London og Zürich.

Han debuterte som forfattar i 1966 med romanen Mytologisk landskab med Daphnes forvandling. Sentralt i forfattarskapet står for utan romanen Præludier frå 1990 (om Chopin) dei fortetta historiene i verka Requiem og Byen og Verden. Det litterære gjennombrotet kom med Requiem i 1985.

Bøkene hans er omsette til norsk, svensk, tysk, fransk og italiensk. Hultberg har omsett skodespel frå fransk, tysk, engelsk og polsk til dansk.

Bibliografi 1966 Mytologisk landskab med Daphnes forvandling,roman (Arena forlag) 1968 Desmond!, roman (Arena forlag) 1985 Requiem, roman (Gyldendal forlag) på norsk: 1991 Preludier omsett av Knut Ofstad (Gyldendal Norsk Forlag, Oslo) 1988 Slagne veje : fortællinger, noveller (Gyldendal forlag) 1989 Præludier, roman (Gyldendal forlag) 1991 Fjernt fra Viborg, noveller (Nørhaven forlag) 1992 Byen og Verden, roman (Lindhardt og Ringhof forlag) på norsk: 1993 Byen og verden : roman i hundre tekster omsett av Svein Jarvoll (Gyldendal Norsk Forlag, Oslo) 1995 Kronologi : prosa 1964-1994, noveller (Lindhardt og Ringhof forlag) 1998 De skrøbelige, skodespel (Lindhardt og Ringhof forlag) 2000 Fædra & Kunstgreb, skodespel (Lindhardt og Ringhof forlag) 2001 Vennebogen & Koglerier, skodespel (Lindhardt og Ringhof forlag) 2004 Tre skuespil, skodespel (Lindhardt og Ringhof forlag)

Prisar og utmerkingar 1986 Otto Benzon-Prisen 1992 Den danske kritikarprisen 1993 Nordisk Råds litteraturpris for romanen Byen og verden 1997 Irmgard Heilmann prisen 2001 Dansk-tysk Selskabs pris 2001 Hubert-Fichte-prisen 2004 Det Danske Akademis Store Pris

Bakgrunnsstoff Peer Hultberg hos litteratursiden.dk

Kategori:Danske romanforfattarar Kategori:Danske dramatikarar Kategori:Vinnarar av Nordisk råds litteraturpris Kategori:Det Danske Akademis Store Pris Kategori:Statens Kunstfonds hædersydelse Kategori:Elevar ved Københavns Universitet Kategori:Tilsette ved Københavns Universitet Kategori:Folk frå Gentofte